Sjølv om det søde sørland ser ut til å ha kronisk mangel på loppemarknader, klarte eg faktisk å finne fram til to stykker i dag. Eit skulekorps-loppemarked, og eit loppemarked/kaféarrangement til inntekt for etablering av eit bydelshus i “min” del av Kristiansand. Huset er eigentleg ikkje eit hus, men ei stor nedlagt mølle! Veldig gammal og veldig spesielt. Ikkje innlagt vatn ein gang.

(bilete lånt her)
Eg fann null/niks/nada på den første loppisen (eg var inne i kanskje 10 minutt før eg gjekk heim…), men etter ein tur heim for å få litt lunsj bar det opp på vårt soon-to-be bydelshus. Der vart det fangst.

Det første eg kapra meg var desse gamle trekassene. Dei stod stabla akkurat som dette, og i hodet mitt sa det “bokhylle!” med ein gang eg såg dei – sikkert inspirert av Signe Schineller si tøffe hylleløysing. No har eg riktignok ikkje plass til desse i stova, så dei vart plasserte i kjellerrommet som oppbevaringshylle enn så lenge. Dei er heilt ubehandla, så fekk frykteleg lyst til å male dei anten kvite, eller i ein eller annan knæsj farge. Men inntil vidare får dei stå slik.

Fangst nummer to – eit KK frå året mamma vart fødd (det herrens år 1960)! Urkomisk å lese i. Eg interesserer meg vanlegvis ikkje for desse gamle bladene, men ei av overskriftene fanga interessa mi – så eg raska det med meg til 5 kr ;)
![]()
Denne! Som fersk symaskineigar tenkte eg kanskje eg kunne plukke med meg nokre tips frå artikkelen, sjølv om den er 50 år gammal… Stod ein del smart i den! Dessverre er det tydelegvis ein følgjetong, og eg fant ingen andre blad der den heldt fram, så eg får klare meg med å lære å måle opp og klippe stoff enn så lenge.
![]()
Siste funnet var ei lita vintage veske frå tidleg 80-tal, med koseleg fór, “lakk-lokk” og lang reim. Eg har trengt ei lita festveske, og denne var perfekt.
Eg betalte rundt 150 kr for alt saman, og det var berre fordi eg la inn litt ekstra kronasj for å støtte etableringa av bydelshuset. Det er alt for lite som skjer utanfor sentrum, og eit bydelshus er eit kjemeflott tiltak. Så no må folk vise at dette er noko dei ynskjer velkomen! Dersom du bur i Kristiansand og ikkje har planer i kveld, så skal det vere konsertar og diverse der frå kl. 20.00 og utover.














