RSS-kjelde

Pepsipute

Posta på

Når eg besøker farmor søv eg på gamlerommet til yngste onkelen min. Og det er tydeleg at kreativiteten i familien vår ikkje avgrensar seg til kvinnfolka. I stolen ved senga ligg ei pute med Pepsi-logo sydd med korssting – signert nettopp onkel.

Liknar ikkje det minste på det trådsammensuriumet eg laga i handarbeidstimane på ungdomskulen. Stileg, sant? ;)

Mango- og bringebærsmoothie

Posta på

Ny favoritt på smoothie-fronten! Eg hadde ein stor pose frosne bringebær igjen frå når eg laga syltetøy i fjor, så då gjekk det til smoothiebruk.

For å lage denne treng du ein liten mango, ei frosen banan, ein god neve frosne bringebær, litt melk og litt eplejuice. Vil tru at dersom ein varierer mengda mango og/eller mengda bringebær vil det vere sterkare smak av anten det eine eller det andre – min smakte mest bringebær.

Mango på vranga :)

På skattejakt hos farmor

Posta på

Eg treng ikkje reise på loppemarknad og bruke pengar på norgesglass – farmor har hyllemeter med alle storleikar tilgjengeleg. I tillegg til mange andre spennande skattar. Det kjem nok eit par innlegg til frå besøket mitt her!

Elskar den gamle After Eight-boksen og den blomstrete svarte kakeboksen.

Desse glaserte raudleirekrukkene har eg fått til odel og eige. Den minste skal innehalde kjøkkenreiskaper på kjøkkenbenken og den store skal bli kattematbehaldar (dersom eg finn eit dugande “lokk”). Kva eg skal finne på med den mellomste veit eg ikkje endå.

Forslag? :)

Tid for handarbeid

Posta på

Eg er heime ein tur på Vestlandet, og oppheld meg for tida inne hos farmor. Kvar gong eg kjem inn her, senkar freden seg – og eg har både tid og ork til å sysle med handarbeid (sjølv om alt pensum er med i kofferten óg…).

Tok med meg to påbegynte prosjekt heimefrå; eit par med tjukkesokkar som sambuaren skal få, og dette prosjektet du ser her. Det skal bli ei barselgåve til ei lita tulle i nær framtid. Eg er veldig i mot at jenter kun skal ha rosa og gutar kun skal ha blått, så eg strikkar utelukkande i kjønnsnøytrale fargar – som denne friske raudfargen!

Kan diverre ikkje avsløre kva det skal bli heilt endå, men eg kan seie så mykje som at det ikkje vert små søte vottar denne gangen!

Aussie-bilete

Posta på

Bondi Beach

Bondi Beach

Omsider har eg byrja å redigere litt på bileta eg tok i Australia, og har fått lagt ut eit knippe på Flickr-kontoen min. Du finn alle bileta ved å trykke deg inn på Flickr via linken nederst i sidemenyen her. Fleire kjem etterkvart som eg får redigert og publisert!

Zzz...

Zzzz…

Beachlife!

Alle foto: Privat

Skål(er)!

Posta på

Eg hadde ingen visjonar om å finne noko brukande (til overkommeleg pris!) på Birkelunden, men der tok eg grundig feil. Fine dessertskåler har stått på mi “må ha”-liste i ei evighet. Og kva trur de eg fann?

Der stod dei. Tre skåler til ein 50-lapp. Billeg kvardagslykke! No gjenstår det berre å sjå om det dukkar opp fleire skåler av same sorten ved ei seinare anledning – kan jo ikkje ha berre tre.

Fargerikt

Posta på

Fint på ein fredag:  meter på meter med fargerike silkeband frå Søstrene Grene.

Birkelunden

Posta på

I helga som var reiste eg til Oslo i skuleøyemed, men tok meg tid til sosialisering rett som det var. Søndagen før eg reiste traff eg flotte Ingvild, som eg ikkje har sett på år og dag. Kjekt! Vi åt fortreffeleg mat på Den Gode Café, og tråla Birkelunden bruktmarked i strålande sol.

Mykje fint og mykje rart å sjå på, som seg hør og bør på bruktmarked. Store mengder med folk hadde funne vegen til marknaden denne dagen, så vi vart ikkje verande så alt for lenge. Men midt oppi kaoset fann eg meg noko eg har lett etter lenge – det kjem i eit eige innlegg.

Fin symaskin – som diverre ikkje fekk vere med heim.

Alle foto gjengitt med tillatelse frå Ingvild Telle

Hyttetur

Posta på

Foto: ukjent

Dersom eg fekk velge kva slags påskeferie eg skulle ha (ikkje det at vi er bortskjemde med påskeferie på universitetet…), så ville eg valgt hyttetur!

For mange er turar på hytta ganske så traust og vanleg. Mange stikker på hyttetur så jamnleg som kvar helg. Nordmenn generelt er veldig hyttete av seg har eg inntrykk av. Men eg? Eg har knapt opphold meg i ei hytte, anna enn sporadisk i små periodar i forbindelse med turar på barne- og ungdomskulen. Familien min har aldri hatt hytte, og heller aldri hatt nokon tradisjon for å reise på hytteferie. Dette har ikkje plaga meg nevneverdig. Før no!

No lengtar eg etter å reise på hyttetur. Spelar lita rolle om det er hytte til fjells eller hytte ved sjøen – det går for det same. Men har så lyst å køyre nokre timar med bilen full av proviant, lesse inn på hytta og la roen senke seg.

Det skal ikkje vere internett der, og kun sporadisk telefondekning borte ved oppvaskbenken på kjøkkenet. Der må vere peis, koseleg sofakrok med masse puter, og tregolv som knirkar når du ruslar bort til vindauget for å sjå korleis vèret er. Korvidt der skal vere utedo eller ikkje… har eg ikkje heilt avgjort endå :P

Eg er ikkje noko skimenneske, så skiturar utgår. Men fjellturar går eg gladeleg på. Og etter ein lang tur, tek eg ein litt for kald dusj og  ikler meg mariusgenseren min og heimestrikka sokkar, før eg krøllar meg saman i nemnde koselege sofakrok. Her løyser ein kryssord eller spelar scrabble og ludo med sine medhyttebuande (for ein reiser jo ikkje på hyttetur åleine!). Vi skal sitje til langt på kveld med litt godt i glaset, høyre knitringa frå peisen og prate om alt og ingenting – før vi legg oss i køysengene våre etter ein runde med putekrig.

Spørs om eg ikkje idylliserer hyttelivet ein smule – men det veit eg jo ikkje før eg har prøvd! Nokon som blir med? ;)

Giveaway i Eventyrland

Posta på

Bloggen til Allis i Eventyrland runda eitt år for litt sidan, og no skal ho ha giveaway! Oppfordrar alle til å stikke innom bloggen, og slenge seg på :) (sjølv om eg satsar på å stikke av med premien sjølv…)

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.