RSS-kjelde

Monthly Archives: mars 2010

Tida går

Posted on

Det virkar som om det berre var for ein augneblink sidan at Cleo var liten rampepus som poserte på tastaturet, jakta på fingrar og tær, og klatra i gardinene. No er ho ei vaksen og sær dame, som aller nådigst let seg kose på dersom ho har ein god dag ;) Og ho vil i alle fall ikkje posere lenger!

Advertisements

Rabarbragraut

Posted on

Eg tek ei ønskereprise (for min eigen del) på eit innlegg eg posta i gamlebloggen min. Rabarbragraut!

Suget etter rabarbra og rabarbragraut har vore latterleg no i vinter – og eg har med tungt hjarte innsett at butikkane ikkje fører frosen rabarbra i pose. Det hadde jo vore genialt nemlig. Moglegheita til å lage seg ei stor skål med rabarbragraut, midt på tjukkaste vinteren. Ein kjem ikkje stort nærmare sommaren utanom sesongen enn det.

Har du fersk rabarbra rett frå hagen så smakar den jo sjølvsagt best dyppa i sukker!

Til rabarbragrauten treng du

  • ca. 4 dl rabarbra i bitar
  • 1,5 dl sukker
  • 5 dl vatn
  • 3 ss potetmjøl
  • ein dæsj ublanda saft

Skjær rabarbraen i bitar.

Mål opp vatn.

Hell vatn i ei kasserolle, ha opp i rabarbraen og halvparten av sukkeret, og tilsett ein god splæsj med ublanda saft. Den vil ikkje ha store utslaget på smaken, men gir grauten ein delikat farge.

Kok opp blandinga, og smak til med resten av sukkeret. Vèr forsiktig – det blir fort for søtt.

Rør ut 3 ss med potetmjøl i litt kaldt vatn, tilsett som ein tynn stråle, rør rundt og trekk kasserolla av plata. Grauten blir tjukk med ein gong.

Server lunken eller kald med ein skvett fløyte, ein klatt med krem eller litt vaniljesaus.

Og vips så vart det sommar – berre for ei lita stund.

Byrjinga

Posted on

Det går aldri lang tid mellom kvar gong eg bestemmer meg for å starte med blogging. Problemet er berre å faktisk gjere det. Men no har eg omsider fått fingeren ut, og startar på nytt. Nok ein gong!

Kort og greit om meg: Blond og blåaugd ung pige som likar ord og formuleringar, cola på boks og bedageleg kvardagsliv. Heng på Sørlandet, saman med svovelpredikantar og rægefiskarar.  Bur saman med ein festleg austlending og to pusekattar. Fotograferer ein del, men alt for lite. Har eit sterkt ønske om å studere på Island, og reise på heisatur til Japan – for reisetrangen er stor. Oppteken av å tenke miljøvenleg og støtte opp om bærekraftig utvikling. Handlar mykje økologisk og heimelaga. Prøvar å bli flinkare med strikkepinnar og heklenål. Målet er å meistre ei symaskin òg…

Kjem til å blogge om laust og fast, og akkurat så jevnlig som det skulle falle meg inn ;)