RSS Feed

Rabarbragraut

Posted on

Eg tek ei ønskereprise (for min eigen del) på eit innlegg eg posta i gamlebloggen min. Rabarbragraut!

Suget etter rabarbra og rabarbragraut har vore latterleg no i vinter – og eg har med tungt hjarte innsett at butikkane ikkje fører frosen rabarbra i pose. Det hadde jo vore genialt nemlig. Moglegheita til å lage seg ei stor skål med rabarbragraut, midt på tjukkaste vinteren. Ein kjem ikkje stort nærmare sommaren utanom sesongen enn det.

Har du fersk rabarbra rett frå hagen så smakar den jo sjølvsagt best dyppa i sukker!

Til rabarbragrauten treng du

  • ca. 4 dl rabarbra i bitar
  • 1,5 dl sukker
  • 5 dl vatn
  • 3 ss potetmjøl
  • ein dæsj ublanda saft

Skjær rabarbraen i bitar.

Mål opp vatn.

Hell vatn i ei kasserolle, ha opp i rabarbraen og halvparten av sukkeret, og tilsett ein god splæsj med ublanda saft. Den vil ikkje ha store utslaget på smaken, men gir grauten ein delikat farge.

Kok opp blandinga, og smak til med resten av sukkeret. Vèr forsiktig – det blir fort for søtt.

Rør ut 3 ss med potetmjøl i litt kaldt vatn, tilsett som ein tynn stråle, rør rundt og trekk kasserolla av plata. Grauten blir tjukk med ein gong.

Server lunken eller kald med ein skvett fløyte, ein klatt med krem eller litt vaniljesaus.

Og vips så vart det sommar – berre for ei lita stund.

Advertisements

2 responses »

  1. foreslår at du i sommer anskaffer en liten haug rabarbra som du putter i frysern sånn at du kan spise i vinter! :D

    Svar
    • Det var planen, men var visst ikkje det enklaste å oppdrive nokon med rabarbra i hagen her i Kr.sand. Likevel – fekk eit tips på fjesboka om ei som hadde, så no er eg nesten garantert frysen full med rabarbra i løpet av mai! :D Så gjeld det å klare å la det ligge i fred til hausten/vinteren…

      Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: