RSS Feed

Monthly Archives: april 2010

Skryteinnlegg

Posted on

Ferdig med nok eit strikkeprosjekt! Eg har funne ut at babytøy er tingen å strikke. Kjapt og akkurat passe avansert :P Og når eg har ei gravid venninne å strikke til, så passar det utmerket! Slik vart babyvottane eg laga.

Her ser dei veldig kvite ut. Dei er ikkje kvite – dei er naturkvite. Beklager skittent fotounderlag.

Her viser fargen mykje betre. Likar veldig godt at den eine feilmaska eg hadde ikkje viser. Ein kan likevel sjå litt skjønnhetsfeil her og der, spesielt på borden på den nederste votten.

Fletta ei snor på omtrenlig 70 cm (gløymde å måle) som eg monterte på til slutt. No gjenstår det berre å presse dei, og pakke dei i fint silkepapir – og så vente på at babyen skal kome til verda…

Hva tycks? :D

Plantevakt

Posted on

Urtane spirer og gror i vindauget mitt, og Tetris passar på at ingen andre enn han får snike til seg ei smaksprøve no og då…

Meir loppemoro

Posted on

Det var med risiko for liv og helse at eg tok turen til Lund kirke og eindagsloppemarkedet der i helga som var. Det var VILT! Folk som kom litt etter opningstid snudde i døra, og folk som allereie var inne svima av. Eg klarte meg fint blant hordane med folk, og kom meg til og med derifrå med litt loppefangst som eg har ete frukosten min på i dag.

I tillegg til nokre stoffbitar og eit par blomepotter til ein slikk og ingenting, fann eg meg desse nydelege koppane frå Figgjo Flint.

Der stod sju koppar, eg kjøpte berre fire. Eg angrar ein smule på det no. Prosjekt for neste loppis: kjøpe fleire koppar, og finne fat i same stilen.

Eg er ein smule listegal, og hadde faktisk skrive «handleliste» til dette loppemarkedet. Fann dog berre eit av punkta på lista. Nye eggeglas! Berre positivt at dei går i same blåfarge som koppane ;)

Og når både koppane og eggeglasa matchar blåfargen på billigserviset mitt frå Ikea – ja, då kan det ikkje bli betre. Brukt og nymotens går hand i hand.

Første produkttest

Posted on

Sånn til å byrje med: desse produkttestane kjem ikkje til å bli dominerande i bloggen – eg lovar. Men eg synest det er kjekt å dele av mine erfaringar når eg testar noko nytt. Spesielt gjeld dette no etter at eg tok avgjersla om å prøve å velge så mykje økologisk, miljøvenleg og parabenfritt som mogleg innanfor mat&drikke, eigenpleie og husstell.

Eg er ingen fanatisk miljøvernar som prøvar å prakke på folk ein økologisk og miljøvenleg livsstil – folk har ein tendens til å gjere som dei vil likevel. Men eg er av oppfatninga at dersom ein får tak i eit «grønt» produkt som er ei fullgod erstatning for eit produkt ein brukar i kvardagen, så ser eg ingen grunn til ikkje å byte det ut – og fortelje andre om det!

Her er det ikkje snakk om sponsing – alt er kjøpt med pengar frå eige slunkent studentbudsjett. Det kjem til å vere ærleg omtale, så er produktet bra så skriv eg det. Er det noko drit, så skriv eg det òg. Rett skal vere rett.

Først ut i denne «følgjetongen» er Urtekram Camomile Conditioner – balsam med kamomille for blondt hår

Denne balsamen er laga utelukkande på naturlege ingrediensar, utan konserveringsmidler, parabener og petrokjemiske stoff. Den er heller ikkje testa på dyr, og er økologisk sertifisert av Ecocert. Den reklamerer med å skulle gjere håret mjukt og godt, og tilføre ekstra fuktigheit.

Etter å ha brukt omtrent halve flaska, kjenner eg at eg med sikkerhet kan seie at dette er ein god kvardagsbalsam, og er eit must dersom du dusjar kvar dag. Den luktar som lova veldig lite. Håret mitt vert ikkje tungt og flatt slik det av og til blir av andre og tjukkare typar balsam. Og den gjer sikkert noko godt for mine blonde lokkar, men sånt har eg ikkje bite meg merke i ;)

Balsamen kan diverre ikkje anbefalast til dei med veldig tørt hår, for den «forsvinn» inn i håret veldig raskt og manglar den konsistensen ein balsam med større fuktgjevande eigenskapar har. Håret kjennest ikkje «balsamert» ut når ein har brukt denne. Den er med andre ord for «normalt hår», som det står på butikkkjøpt balsam. Produktet er diverre heller ikkje utprega drøyt i bruk, du må bruke ein god klatt kvar gong.

Så – brukar du ein god hårkur med jamne mellomrom, og ikkje slit med utprega tørt eller slitt hår, så er denne balsamen absolutt verdt eit forsøk. Det finst òg tilhøyrande shampo. Begge deler kan du få kjøpt på til dømes Et grønnere hjem, eller i ein helsekost som fører produkta.

Bilete?

Posted on

Passar desse polariod-inspirerte bileta her, eller bør eg gå over til «vanlege» bilete igjen? Kva ser best ut? Lesaren avgjer ;)

Loppehelg

Posted on

Førre fredag sat eg på bussen til Oslo, klar for loppemarkedmoro heile helga. Koselege Ida Victoria og pusen hennar Muskatt hadde ein ledig plass til meg på gjesterommet, og eg fekk vere haleheng på loppemarkedene i Bærum. For ei oppleving! Eg har berre vore på to loppisar tidlegare, så det var ikkje fritt for at eg gløymde litt å sjå etter morsomme lopper og heller lot meg fascinere av alle menneska. Men nokre lopper fekk eg med meg heim att.

Det eg trur eg er mest fornøgd med, må vere denne vesle lysestaken i sink. Eg rakk ikkje å sjå skikkeleg på han før eg raska han med meg, men i etterkant har eg blitt skikkeleg glad i den. Eg ville ha ein slik fordi farmor har fleire slike ståande heime hos seg, og eg har likt dei heilt sidan eg var lita jente. I utgangspunktet ville eg ha den på soverommet, men den passa så godt på lysfatet mitt på stovebordet.

Farmor har i det heile tatt påvirka loppiskjøpene mine veldig mykje. Dette serviset har farmor heime, og eg kjøpte meg to asjettar i same stil. Berre for å ha kveldsmaten min på.  Eg må forresten veksle mellom fatene. Fann nemleg òg eit fat med tre sirkuselefantar på, som er same motiv som eg har på ein kopp frå «gamle dager». Drakk alltid kakao frå den når mamma laga bollar&kakao. Minner, altså!

Eg lot meg sjølvsagt inspirere av stoffshoppinga til Ida, og kom heim igjen med tre fine, duse stoff som eg skal finne på noko lurt å lage av når eg omsider får symaskin i hus. Men konkluderte likevel tidleg med at det ikkje er noko vits i å handle inn masse stoffer å sy ting av dersom det viser seg at eg ikkje meistrer symaskinkunsten ;) Så det vart med desse tre. Fine, ikkje sant?

Og så… Aldri ein loppemarknad utan å kjøpe oppussingsobjekt!

Eit avisstativ og ein puff. Fekk begge to i lag for ein 50-lapp! Avisstativ har eg hatt lyst på lenge, men det er sånt eg ikkje får meg til å kjøpe nytt. Dette var solid og bra, men med ein farge som ikkje passar heilt inn her. Trur den skal pussast og malast kvit, så kan eg eventuelt bestemme meg seinare for å male den i ein skikkeleg knæsj farge.
Puffen var eit kanonkjøp. Passeleg stor, og med masse lagringsplass. Den skal vaskast, malast og lokket skal trekkast om. Kva stoff som skal brukast var uklart, men etter ein kjapp tur på Stoff & Stil fann eg eit nydeleg fint stoff med sommarfuglar. Overhode ikkje eit stoff som passar til noko som skal sitjast på (det var meir som eit gardinstoff), men det bryr eg meg ikkje om ;) Eg prøvar, og går det ikkje så får stoffet bli til putetrekk e.l.

No til helga er det loppemarknad her i byen. Det er berre på laurdagen og varer kun nokre timar, men eg må jo innom for å sjå…

Vårvårvår

Posted on

Sjølv om Kong Vinter har kome med ei siste lita krampetrekning som får meg til å hutre under pleddet, er det likevel teikn overalt på at våren er i ferd med å vinne.