RSS Feed

To rette, to vrange

Posted on

Mi karriere som strikkefantom har fått ein kraftig oppsving. Eg har strikka min aller første tjukkesokk (skal dokumenterast med bilete når eg har tilgong til kamera)!

Når eg var heime til jul fann eg ut at det kanskje var på tide å tre inn i dei handarbeidande sine rekkjer. Eg har alltid hatt ti tommeltottar, men ynskjet om å vere litt kreativ var sterk nok til å ta opp strikkepinnane. Mi tålmodige mor guida meg gjennom vrangmasker, glattstrikk, felling og auking. Litt og litt om gongen.

Etter jul tok eg etter eige initiativ kontakt med ei koseleg dame i ein garn- og syforretning, og fekk ho til å lære meg å legge opp på fire pinnar for å strikke sokkar. Det lille eg fekk med meg gløymde eg fort ut, men nokre telefonsamtalar heim fekk meg på rett spor igjen.

No i påska er eg atter heime igjen, og har lært å strikke hel og tåfelling av farmor – som i si tid lærte dette på husmorskule. Ei idiotsikker oppskrift med andre ord.
Og i går kveld var første sokken ferdig! No gjenstår det berre å sjå om eg orkar å ta til med å strikke sokk nummer 2. Men ein kald fot burde kanskje vere motivasjon nok? ;)

Advertisements

4 responses »

  1. Flink du er! :) Jeg liker ikke å strikke sokker, så det har ikke blitt mange par på meg :P Strikker heller alt annet!

    Svar
  2. Trur ikkje sokkar kjem til å bli min favoritt å strikke heller etterkvart som tida går ;) Men det er liksom noko spesielt med det første paret! Hehe.

    Svar
  3. Strikking er en kjempekoselig hobby :). Det finnes uttallige sokkemønstre der ute, og mange er veldig fine også! Jeg liker heller ikke å strikke sokker, og det første paret mitt ser ut som om de er strikket til Donald i passformen. De er varme da…

    Hihi. :)

    Svar
  4. Har forstått at det finst eit utall med spennande oppskrifter på morsomme sokkar, ja. Treng jo ikkje vere kjedeleg ;) Eg har ikkje utforska så mykje endå, er litt grønn på å lese oppskrifter :P

    Men fancy eller ikkje – det viktigaste er at dei varmar!

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: