RSS Feed

Grøne fingrar

Posted on

Då er årets beplantning komen i jorda. Eg er ikkje den mest talentfulle gartnaren, så eg held meg til småskala hagebruk. I år satsar eg på å få opp oregano, graslauk og persille. Samt litt kattegras til dei firbeinte, slik at dei (kanskje) let plantane mine stå i fred.

Planen var å få i jorda mynte òg – slik at eg kunne få ekte myntete til frukost utover sommaren. Men det var sambuaren som var ute og handla frø, og han kom altså igjen med oregano – på svensk: kungsmynte, som stod trykt øvst på pakningen. Skal ikkje vere så enkelt ;)

«Pottene» er rømme- og yoghurtbeger, og planteskilta er provisorisk sett i hop av kartong og avklipte sugerør. Man tager hva man haver, som dei seier.

Fleire enn meg sjølv som har teke i bruk sine grøne fingrar no i finevèret?

Advertisements

4 responses »

  1. Jaaa, jeg har sådd basilikum og gressløk! :) Venter på peppermynte og lavendelfrø i posten. Syns det er så gøy å følge med når det spirer :)

    Svar
  2. Så bra! :)
    Kjøper du frø på nettet? Kor hen?

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: