RSS-kjelde

Loppehelg

Posted on

Førre fredag sat eg på bussen til Oslo, klar for loppemarkedmoro heile helga. Koselege Ida Victoria og pusen hennar Muskatt hadde ein ledig plass til meg på gjesterommet, og eg fekk vere haleheng på loppemarkedene i Bærum. For ei oppleving! Eg har berre vore på to loppisar tidlegare, så det var ikkje fritt for at eg gløymde litt å sjå etter morsomme lopper og heller lot meg fascinere av alle menneska. Men nokre lopper fekk eg med meg heim att.

Det eg trur eg er mest fornøgd med, må vere denne vesle lysestaken i sink. Eg rakk ikkje å sjå skikkeleg på han før eg raska han med meg, men i etterkant har eg blitt skikkeleg glad i den. Eg ville ha ein slik fordi farmor har fleire slike ståande heime hos seg, og eg har likt dei heilt sidan eg var lita jente. I utgangspunktet ville eg ha den på soverommet, men den passa så godt på lysfatet mitt på stovebordet.

Farmor har i det heile tatt påvirka loppiskjøpene mine veldig mykje. Dette serviset har farmor heime, og eg kjøpte meg to asjettar i same stil. Berre for å ha kveldsmaten min på.  Eg må forresten veksle mellom fatene. Fann nemleg òg eit fat med tre sirkuselefantar på, som er same motiv som eg har på ein kopp frå «gamle dager». Drakk alltid kakao frå den når mamma laga bollar&kakao. Minner, altså!

Eg lot meg sjølvsagt inspirere av stoffshoppinga til Ida, og kom heim igjen med tre fine, duse stoff som eg skal finne på noko lurt å lage av når eg omsider får symaskin i hus. Men konkluderte likevel tidleg med at det ikkje er noko vits i å handle inn masse stoffer å sy ting av dersom det viser seg at eg ikkje meistrer symaskinkunsten ;) Så det vart med desse tre. Fine, ikkje sant?

Og så… Aldri ein loppemarknad utan å kjøpe oppussingsobjekt!

Eit avisstativ og ein puff. Fekk begge to i lag for ein 50-lapp! Avisstativ har eg hatt lyst på lenge, men det er sånt eg ikkje får meg til å kjøpe nytt. Dette var solid og bra, men med ein farge som ikkje passar heilt inn her. Trur den skal pussast og malast kvit, så kan eg eventuelt bestemme meg seinare for å male den i ein skikkeleg knæsj farge.
Puffen var eit kanonkjøp. Passeleg stor, og med masse lagringsplass. Den skal vaskast, malast og lokket skal trekkast om. Kva stoff som skal brukast var uklart, men etter ein kjapp tur på Stoff & Stil fann eg eit nydeleg fint stoff med sommarfuglar. Overhode ikkje eit stoff som passar til noko som skal sitjast på (det var meir som eit gardinstoff), men det bryr eg meg ikkje om ;) Eg prøvar, og går det ikkje så får stoffet bli til putetrekk e.l.

No til helga er det loppemarknad her i byen. Det er berre på laurdagen og varer kun nokre timar, men eg må jo innom for å sjå…

Advertisements

One response »

  1. Tilbakeping: Oppussing fullført « Stabilt Ustabil

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: