RSS-kjelde

Monthly Archives: mai 2010

På rabarbraslang

Posted on


Som eg tidlegare har gitt uttrykk for, så er rabarbra noko av det eg likar best. Hadde gitt ein høgrearm for ei skikkeleg tue med rabarbra! Men som student i leigeleilighet utan hage, så er dette vanskeleg å få til. Så ved hjelp av «fjesboka» (hurra for sosiale medier!) fekk eg huka tak i ei dame som bur eit stykke utanfor Kristiansand. Ho hadde ein heil skog med rabarbra og gav meg klarsignal til å kome og plukke når det var modent.

I går tikka det inn melding om at det berre var å kome og hente, så eg fekk med meg sambuaren på biltur. Kva fangsten angår så talar biletet for seg sjølv. Ein bærepose full! Og det hadde blitt fleire om det ikkje var for at eg har begrensa med fryseplass…

Vel heime vart det renska og kutta, og no har eg nok til min eminente rabarbragraut, og jorbær/rabarbra-syltetøy til godt ut på vinteren.

Ein får ei god kjensle av slik «matauke», som det heiter på fint. Å leite opp sin eigen mat, stå for bearbeiding og tilbereding heilt sjølv – det gjev ei kjensle av uavhengighet. Det vert likevel lenge til eg reiser ut for å hente heim «sjølvfanga» biff… ;)
Neste på agendaen er å på seinsommaren fri til naboen borti vegen her med store ripsbærbusker som stod uhausta i fjor. Kanskje dei vil setje pris på om eg plukkar buskene tomme, og returnerer dei i form av ei flaske med saft eller ein rykande varm dessertpai?

Advertisements

Fine ting på S

Posted on

Gratis sykkel frå naboen! I tipptopp stand etter ein tur på verksted. Busskortpengar spart. Kryssar difor fingrane for fint vèr heile sommaren…

Husqvarna E20-modell, som skal lære meg å sy (ehem…) ;)

Peonar og fillerye

Posted on

No i ein stressande eksamensperiode er det lett å gløyme både blogging og omgjevnadane rundt seg. Sistnemnde gjorde mamma noko med når ho kom på besøk her – ho kjøpte meg ein bukett med lyserosa peonar. Nydelege blomane! Berre ein har kome ut av «skalet» sitt så langt, så eg har enno tre lodne utsprungne blomar å sjå fram til.

Ein annan ting mamma hadde med seg for å sprite opp hus og heim, var ei fillerye i flotte fargar til kjøkkengolvet.

Denne er laga i ekte gjenbruksand, heimelaga av farmor. Ho samla saman masse gamle klede, tøystykke og stoffbitar – klipte dei opp og laga filleryer av dei. Ho har gitt vekk til alle i slekta, og enno ligg der fleirfoldige ferdiglaga ryer igjen i vevstova på låven hennar.

Tenk, her er det gamle klede som farmor og oldemor gjekk i. Klede som pappa, tante og onklar hadde på seg opp igjennom tida. Kjolar, skjørt og mislykka syprosjekt etter grandtantene mine. Sengeteppet til oldemor. Gardiner frå gamlehuset pappa budde i som liten. Kanskje nokre bukser etter bestefar – som eg forøvrig aldri fekk treffe. Så mykje historie i eit einaste teppe. Det vert mest som klenodium å rekne.

Bondens Marked

Posted on

Frigjeringsdag, flott vèr og spasertur til sentrum! Der kom eg over Bondens Marked på torget. Dette markedet har eg brukt å stikke innom dei dagane dei set opp bodene sine, og eg finn alltid noko snadder. Dessutan er dette mat med godt samvit – kortreist og økologisk!

Eg var først innom boda til min faste honningforhandler – Løvjomås Bigård. Der kjøpte eg flytande blomsterhonning og ei aldeles nydeleg og luftig honningkake. Den vert ikkje liggande lenge. Honningkake skal visstnok vere enkelt å lage sjølv, så det varer vel ikkje lenge før eg sjølv må hive meg i bakinga.

Deretter kjøpte eg økologiske egg. Billegare enn i butikken, og egga var STORE. Kartongen lovar at dei er «verpet av glade høner i hyggelige omgivelser«, og inne i lokket står historia til garden trykt!

Gler meg til varm melk med honning og omelettfrukost i morgon!

Nøttegodt

Posted on

Når godtesuget vert for sterkt om kvelden, eller magen rumlar litt før leggetid – så tyr eg til ein neve med mi eiga nøtteblanding. Hasselnøtter, usalta peanøtter, mandlar og rosiner. Nam!

Alt utanom peanøttene er kjøpt økologisk på ein Ultra-butikk. Rosinene er Urtekram sine, og smakar verkeleg søtt og godt.

6’er på terningen :)

Eplakjøp #1

Posted on

Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg er stor fan av den norske utgåva av Etsy – nemlig Epla.no. Diggar at det har kome ein slik nettstad der hobbyhandverkarar kan få selge det dei lagar. Og det er overhodet ikkje noko å utsetje på kvaliteten! Eg har heile 21 favorittbutikkar på lista, og er dagleg innom for å sjå etter nye elskverdige funn. Har funne mange godbitar til no, og deler dei gladeleg her – litt og litt. Her er eit par av mine nylege Epla-kjøp.

Aldeles nydelege gyngehestøredobbar, kjøpt hos Eventyrland. Dei låg lenge i ønskelista mi, men eg fann til slutt ut at eg berre måtte ha dei. Fine!

Allis, som står bak butikken Eventyrland, lagar dessuten superskjønne origamifuglar, både som pynt og som nøkkelringar.

Dette fantastiske trykket kjøpte eg i eplabutikken til Carambatack Design. Butikkeigar Annette lagar fantastiske bilete, som ho trykkjer opp i eit begrensa antal. Alle trykka er nydelege, men det var dette eg falt pladask for og som har fått æresplassen på stoveveggen.
I tillegg til trykk finst der både originalteikningar, postkort og magnetar i butikken.

Dette flotte armbandet kjøpte eg hos Pink Foxes. Butikkeigaren er er ei kreativ jente som sel mykje variert i butikken sin. Dette armbandet var herlig fresht og eg kunne ikkje la vere å kjøpe det.
Eg tok masse bilete, men fekk likevel ikkje fram den fine fargen – så sjå heller butikken sine eigen produktbilete her.

Har du høyrt om Epla? Og om du har – har du handla mykje der? ;)