RSS Feed

Bondens Marked

Posted on

Frigjeringsdag, flott vèr og spasertur til sentrum! Der kom eg over Bondens Marked på torget. Dette markedet har eg brukt å stikke innom dei dagane dei set opp bodene sine, og eg finn alltid noko snadder. Dessutan er dette mat med godt samvit – kortreist og økologisk!

Eg var først innom boda til min faste honningforhandler – Løvjomås Bigård. Der kjøpte eg flytande blomsterhonning og ei aldeles nydeleg og luftig honningkake. Den vert ikkje liggande lenge. Honningkake skal visstnok vere enkelt å lage sjølv, så det varer vel ikkje lenge før eg sjølv må hive meg i bakinga.

Deretter kjøpte eg økologiske egg. Billegare enn i butikken, og egga var STORE. Kartongen lovar at dei er «verpet av glade høner i hyggelige omgivelser«, og inne i lokket står historia til garden trykt!

Gler meg til varm melk med honning og omelettfrukost i morgon!

Advertisements

4 responses »

  1. Bondens marked er et fint tiltak. Vi har det her i byen også. Bare synd at så mange av produktene tross alt er relativt usunne – det går mye i kaker og pølser og ost og saft. Skulle gjerne hatt tilbake grønnsakhandlerne som fantes på torget i gamle dager, for å si det slik.

    Svar
  2. Du har eit poeng der.
    Men her i Kristiansand held faktisk grønsakshandlarane stand :) Når sesongen byrjar står det to-tre grønsakshandlarar på torget her fast kvar dag til langt ut i september!

    Svar
  3. Åh, skulle gjerne smakt honningkake! Og veldig søte asjetter du har. :)

    Svar
    • Det er veldig godt, kan anbefalast!

      Asjettane er supersøte, ja :D Favorittane mine. Farmor har akkurat slike. Dei eg har er loppefunn som du kan lese om i eit tidlegare innlegg :)

      Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: