RSS Feed

På rabarbraslang

Posted on


Som eg tidlegare har gitt uttrykk for, så er rabarbra noko av det eg likar best. Hadde gitt ein høgrearm for ei skikkeleg tue med rabarbra! Men som student i leigeleilighet utan hage, så er dette vanskeleg å få til. Så ved hjelp av «fjesboka» (hurra for sosiale medier!) fekk eg huka tak i ei dame som bur eit stykke utanfor Kristiansand. Ho hadde ein heil skog med rabarbra og gav meg klarsignal til å kome og plukke når det var modent.

I går tikka det inn melding om at det berre var å kome og hente, så eg fekk med meg sambuaren på biltur. Kva fangsten angår så talar biletet for seg sjølv. Ein bærepose full! Og det hadde blitt fleire om det ikkje var for at eg har begrensa med fryseplass…

Vel heime vart det renska og kutta, og no har eg nok til min eminente rabarbragraut, og jorbær/rabarbra-syltetøy til godt ut på vinteren.

Ein får ei god kjensle av slik «matauke», som det heiter på fint. Å leite opp sin eigen mat, stå for bearbeiding og tilbereding heilt sjølv – det gjev ei kjensle av uavhengighet. Det vert likevel lenge til eg reiser ut for å hente heim «sjølvfanga» biff… ;)
Neste på agendaen er å på seinsommaren fri til naboen borti vegen her med store ripsbærbusker som stod uhausta i fjor. Kanskje dei vil setje pris på om eg plukkar buskene tomme, og returnerer dei i form av ei flaske med saft eller ein rykande varm dessertpai?

Advertisements

9 responses »

  1. Åh, jeg kan kjenne ilingen av altfor sur rabarbra i kjeven! Mmmmmm. Og så kan jeg kjenne smaken av oldemors rabarbrasaft, og rabarbrapai… Åh. Det er lykke det. Rabarbrapai med masse vaniljesaus. Og tenk, utover sommeren så blir rabarbra å få kjøpt i butikken og, da kan du gnafse hele høsten pluss litt til :D Jeg tror jeg må innom hagen til mamma gitt.

    Svar
    • Dersom det kjem til eit punkt der eg må i butikken for å kjøpe rabarbra, så må eg tie veldig stille om det. Fekk skikkeleg med kjeft frå farmor ein gong når eg budde i Bergen og hadde kjøpt rabarbra til 29 kr kiloen. Ho vart heilt frå seg. Sånt går ikkje an når ho har heile hagen full som eg kan få gratis! Hehe…

      Stikk innom ho mor, du ;)

      Svar
      • Ja, da får du hamstre hos farmora di! :D Jeg skal hamstre jeg og. Og lage saft! Det blir fine julegaver, tenker jeg meg. Og om jeg tør, skal jeg klatre opp i kirsebærtreet her i hagen vår i sommer og lage noe av den bæra og! Men vi får se på hva som vinner.. Saftysten eller høydeskrekken..! :D

  2. Rabarbra er i grunnen et litt pussig ord. Jeg har måttet lese det mange ganger nå, for å sjekke at jeg har skrevet det det riktig o_O

    Svar
  3. Naaam! :) Nå fikk jeg skikkelig lyst på rabarbrasuppe..

    Svar
  4. nam nam :) nå fikk jeg syyykt lyst på rabarbra!! :):)

    Svar
  5. Ingenting som slår rabarbra-innleggene dine. :D Får gå på slang om sjansen byr seg. ;p

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: