RSS Feed

Monthly Archives: juni 2010

Utandørs

Posted on

Det blir langt mellom innlegga når ein bur på sørlandet og har det vèret ein får servert her. Kan for ordens skuld seie at eg trakk i shorts etter at biletet vart teke… Temperaturane er akkurat høge nok til at eg trivst ute i sola. Vert det over 25 grader held eg meg inne – eg er ikkje noko varmedyr.

Godt selskap hadde eg i alle fall. Fersk bok utgitt av Johan Theorin, Blodleie. Bøkene er skrivne for fleire år sidan, men det er først den siste tida at dei har vorte utgitt i Norge. Det er fire bøker i serien, dei to føregåande bøkene heiter Nattefokk og Skumringstimen. Anbefalast opp og ned i mente! Det er noko spesielt med svensk krim altså.
Boka er forøvrig lånt på biblioteket. Miljøvenleg og billeg underhaldning ;)

Firbeint selskap hadde eg òg – dog litt mindre underhaldande enn boka. I sola trivst den kvite divaen best i skuggen under bordet på plattingen.

Primadonna på høgt nivå ;)

Eplakjøp #2

Posted on

Alle bør ha sitt eige monster. Eg har opptil fleire!

Ein grå tass med blå prikkar som passar på alle nøklane mine.

Og denne freshe saken som ikkje heilt har fått tildelt arbeidsoppgåve endå. Kanskje han kan få pynte opp mobilen min, eller veska mi?

I tillegg har eg ein jordbærliknande sak i form av ein magnet som helser på meg kvar gong eg skal opne kjøleskapsdøra.

Kvar får du tak i ditt eige vesle monster? I eplabutikken til Silje – mmonster

Sneller på glas

Posted on

Fekk ei herleg overrasking i posten her om dagen. Ein stooor pose med trådsneller frå Ida Victoria! Dei fekk umiddelbart plass i eit lite norgesglas, og er klare til bruk når eg kjem godt i gang med symaskina. Tusen takk! :)

For augneblinken står nevnte symaskin framleis i kassa si, for eg må rydde plass til å setje den opp. I eksamensinnspurten har ikkje rydding og diverse vore prioritert, så her ser mildt sagt bomba ut. Har fri frå jobb i morgon, så då må eg nok hive meg rundt og få kåken på stell.

Apropos trådsneller.

Når eg kjøpte symaskina kunne eg òg velge meg ut ein boks med fire trådsneller i standardfargar. Eg plukka meg ut denne! Så koseleg og gamaldags motiv.

Ellers så er eg endeleg ferdig med eksamenar og sommerferien står for tur. Har mange ting på agendaen som skal fiksast, ein meterhøg stabel med bøker som skal lesast og ein kropp som skal trenast! Klarer ikkje prioritere sånt når eg må ha fokus på skule. Upraktisk, men sånn er det berre. Bra at vi då har to mnd. med ferie der eg kan hente meg inn igjen!

To-do-liste:

  • få symaskin opp og gå
  • lime øyredobbar og hårnål
  • strikke to par babyvottar (sjølvtillitsboost – supert at folk faktisk likar dei og ber meg om å lage!)
  • strikke ferdig skjerf til sambuaren
  • sortere kleskapet fullstendig
  • finne ein perfekt bikini (nektar å tru at det finst)

Og så skal det jo jobbast innimellom her. Trur det vert ein innhaldsrik sommar.