RSS Feed

Sneller på glas

Posted on

Fekk ei herleg overrasking i posten her om dagen. Ein stooor pose med trådsneller frå Ida Victoria! Dei fekk umiddelbart plass i eit lite norgesglas, og er klare til bruk når eg kjem godt i gang med symaskina. Tusen takk! :)

For augneblinken står nevnte symaskin framleis i kassa si, for eg må rydde plass til å setje den opp. I eksamensinnspurten har ikkje rydding og diverse vore prioritert, så her ser mildt sagt bomba ut. Har fri frå jobb i morgon, så då må eg nok hive meg rundt og få kåken på stell.

Apropos trådsneller.

Når eg kjøpte symaskina kunne eg òg velge meg ut ein boks med fire trådsneller i standardfargar. Eg plukka meg ut denne! Så koseleg og gamaldags motiv.

Ellers så er eg endeleg ferdig med eksamenar og sommerferien står for tur. Har mange ting på agendaen som skal fiksast, ein meterhøg stabel med bøker som skal lesast og ein kropp som skal trenast! Klarer ikkje prioritere sånt når eg må ha fokus på skule. Upraktisk, men sånn er det berre. Bra at vi då har to mnd. med ferie der eg kan hente meg inn igjen!

To-do-liste:

  • få symaskin opp og gå
  • lime øyredobbar og hårnål
  • strikke to par babyvottar (sjølvtillitsboost – supert at folk faktisk likar dei og ber meg om å lage!)
  • strikke ferdig skjerf til sambuaren
  • sortere kleskapet fullstendig
  • finne ein perfekt bikini (nektar å tru at det finst)

Og så skal det jo jobbast innimellom her. Trur det vert ein innhaldsrik sommar.

Advertisements

9 responses »

  1. Åh, jeg elsker å sy. Jeg savner å ha symaskin.

    Svar
  2. Gikk sømfag på vgs :) Jeg har aldri hatt en som virker, mamma sin hater meg tror jeg :P Men hadde tilgang på skolen da, og lånte stemora mi sin innimellom. Tror jeg må investere i en symaskin når jeg blir stor!

    Svar
  3. sv: Så flott at du gir meg tilbakemelding på hvordan markedet er her i byen. Utvalget får det bli så som så med, men at det i det hele tatt arrangeres syns jeg er veldig flott. Kanskje og forhåpentligvis er det bedre utvalg nå i sommermånedene, hvertfall med tanke på frukt og grønt!

    Nydelig blogg du har forresten, du har herved en ny og fast leser! Det ene bildet av Cleo, katten, var helt lik vår katt. Så pen! :)

    Svar
    • Dei få som kjem og står på Bondens Marked alle datoane heile året igjennom er veldig engasjerte og dyktige folk, det er tydeleg at dei brenn for det dei driv med :) Så får vi som sagt håpe at det dukkar opp nokre fleire boder no til laurdag!

      Eit godt tips er dessutan å spørje selgarane om når neste marked blir arrangert – dei har som regel oversikta over datoane.

      Takk for gode ord om bloggen, forresten. Kjekt med ein ny følgar :) Det er jo trass alt lesarane ein skriv for! Eg har fulgt din blogg ei stund, og har blant anna latt meg inspirere til å kjøpe min første boks med chlorella ;) Spent på om immunforsvaret får ein piff!

      Svar
  4. Sv: Det høres bra ut det syns jeg! :) Håper du merker noe av chlorellaen, du skal nok ikke se bortifra at det gir deg noen resultater etter noen måneder! :D

    Svar
  5. Jaaa, låne din! Såklart det ville blitt bloggposter! :D

    Jeg er en jævel på å sy putetrekk og skjørt! Ellers har jeg sydd mengder av vesker, duker, uhm. *tenke* En frakk (syr det aldri igjen, btw), korsett, ja. Sånne ting ;) Kan mange håndarbeidsteknikker :P Det er bare å spørre om du skulle sitte fast i noe eller trenge andre syråd altså! :D Jeg instruerte en venninne hvordan hun skulle sy en lue via tlf en gang, såh.. Alt går :P

    Svar
    • Haha, du skal ikkje sjå vekk i frå at du kjem til å få nokre desperate henvendelsar på til dømes twitter når eg har sett i gong på maskina ;) Så takk for tilbodet! :D Har lyst å sy skjørt! Men er så grøn som eg kan få blitt. Trur faktisk ikkje eg hugsar korleis eg trer ei symaskin lenger heller. Hohooo…

      Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: