RSS Feed

Monthly Archives: juli 2010

Meir bær

Posted on

Mykje bær på denne fronten no, men hallo – det er sesong ;) I går  scora eg uante mengder med husmorpoeng på å for fyrste gang koke mitt eige syltetøy av sjølvplukka rips (og egenkjøpte bringebær… *kremt* ). Og sidan det endte opp med å bli vellukka, så kan eg trygt dele oppskrifta!

Bringebær- og ripssyltetøy

Du treng ikkje mange ingrediensane. Eg kokte syltetøy i to omgangar, med utgangspunkt i denne oppskrifta

600 gram bringbær

400 gram rips

ca. 400 gram sukker

tomme, reine syltetøyglas

Eg anbefaler å kjøpe inn sukker spesielt for sylting. Syltesukker har pektin i seg, som gjer til at syltetøyet tjuknar og vert lettare å handtere når det skal etast. Syltesukker får du på dei fleste store daglegvarebutikkane.

Kok opp bæra i ei stor gryte, under lok. Det er viktig at bæra vert raskt og jamnt kokte – rør med jamne mellomrom. Når bæra er gjennomkokte, trekk gryta av plata og tilsett sukker. Rør ut sukkeret før du set gryta tilbake på plata og gjev syltetøyet eit nytt oppkok. No er syltetøyet veldig tyntflytande, men det tjuknar fort når det kjem på glas og vert avkjølt.

Skum av (og prøvesmak!)

No skal du ha syltetøyet på glas. Det er VELDIG viktig at glasa er varme – varmt syltetøy + kalde glas = minieksplosjon og klissete kjøkken :P

Eg sette glasa inn i kald ovn og varma opp til 100 grader, og lot dei stå ca. 10 minutt. Ta dei ut og hell umiddelbart oppi syltetøyet.

Fyll glasa breddfulle, utan at dei renn over. Sølar du så tørk av kantane med eit papir. Skru godt på loket. Grunnen til at dei skal vere så fulle som mogleg, er at syltetøyet «hermetiserer» seg sjølv når det kjølnar av. Etter at du har skrudd på loket vil du etter ei stund høyre eit «smokk» når loket på glaset festar seg. Ganske kult.

Lat glasa stå og avkjøle seg heilt. No kan du anten setje tennene i ei brødskive med ferskt syltetøy, sette glasa mørkt og kjøleg for seinare nytelse, eller dekorere glaset litt og gje vekk som gåve.

Og så eit bilete for å illustrere korleis dagens husmødre har det på kjøkkenet:

Nettsurfing og syltekoking i skjønn forening ;)

Blåbærboogie

Posted on

Gårsdagen var seig og lang – som søndagar ofte er. Men eg fann ut at eg like så godt kunne gjere noko matnyttig, og gjorde som mjuuugly – stakk på bærtur. Ut døra med passande fottøy, egna påkledning (flåtten får finne andre offer) og nok emballasje å plukke i.

Det vart ikkje den mest imponerande fangsten, for sesongen er ikkje heilt i gang endå. Men 6 dl fekk vere med heim, og har blitt brukt på havregryn og i yoghurt – og så klart i skål med masse vaniljesaus på!

Under bordet

Posted on

Når det regnar ute og ein ikkje får lov til å gå ut, kan ein bruke tida på å finne nye, interessante liggeplassar. Som her – under stovebordet.

Prøv igjen…

Posted on

Dette her er ørtentusenogfemtiande gong eg prøvar å starte på eit innlegg. Og kvar gong trykkjer eg meg vekk igjen – orda kjem seg aldri ut og ned på tastaturet. Kanskje det går i dag? Ja – i dag går det. Men det vert eit roteinnlegg!

Trur skrivesperra kjem av det varme og klamme vèret. Alt er seigt og svett og slitsomt. Til og med å sitje ute i skuggen vert for varmt. Eg gjer meg dårleg om sommaren. Men det har eg kanskje nevnt før?
Sjølv om eg ikkje har skrive så mykje sjølv, så har eg i det minste lest bloggar. Mange bloggar. Så eg følgjer med :)

Det gjekk ikkje som planlagt med sommarjobbinga, så no er eg atter ein gong på jobbleit. Men eg ser ikkje særleg mørkt på det. Eg kan det eg kan, og er flink med folk – så det dukkar alltids opp noko. Vil likevel legge inn eit ønskje… Kjære julenissen, kan du kanskje fikse jobb i ein bokhandel til meg?

Eg let meg fascinere over to fabelaktige internettgreier om dagen.

  • Det første er Skype. Geniale opplegget! Visste at det eksisterte, men har liksom ikkje sett moglegheitene før no når eg har mi venninne Janne utplassert i Australia (klikk innom bloggen hennar og følg med på livet hennar «down under»). Nokre enkle klikk, og vips så pratar du live med nokon på andre sida av kloden. No er planen å leve på nudlar og vatn for å spare opp litt kronasj slik at eg kan reise på visitt over jul, så då får eg prate med ho facetoface. Men inntil vidare gjere Skype susen!
  • Min andre fascinasjon er at når du skriv ein epost i Gmail og t.d. skriv «sjå vedlegget», så får du opp ein popup som minner deg på å faktisk legge til det vedlegget. Uvurderleg for slike rotehovud som meg.

Mi tidlegare nemnde to-do-liste har ikkje blitt særleg kortare diverre, men eg leitar stadig etter motivasjon til å byrje. Først ut i oppussingsbolken er avisstativet – manglar berre whitesprit, så kan eg svinge malarkosten. Skrive ned whitesprit på handlelista til i morgon, kanskje…? Nuvel. Eg strikkar i det minste medan eg ventar på motivasjonen! ;)

Kvar finn du motivasjon i kvardagen?