RSS-kjelde

Prøv igjen…

Posted on

Dette her er ørtentusenogfemtiande gong eg prøvar å starte på eit innlegg. Og kvar gong trykkjer eg meg vekk igjen – orda kjem seg aldri ut og ned på tastaturet. Kanskje det går i dag? Ja – i dag går det. Men det vert eit roteinnlegg!

Trur skrivesperra kjem av det varme og klamme vèret. Alt er seigt og svett og slitsomt. Til og med å sitje ute i skuggen vert for varmt. Eg gjer meg dårleg om sommaren. Men det har eg kanskje nevnt før?
Sjølv om eg ikkje har skrive så mykje sjølv, så har eg i det minste lest bloggar. Mange bloggar. Så eg følgjer med :)

Det gjekk ikkje som planlagt med sommarjobbinga, så no er eg atter ein gong på jobbleit. Men eg ser ikkje særleg mørkt på det. Eg kan det eg kan, og er flink med folk – så det dukkar alltids opp noko. Vil likevel legge inn eit ønskje… Kjære julenissen, kan du kanskje fikse jobb i ein bokhandel til meg?

Eg let meg fascinere over to fabelaktige internettgreier om dagen.

  • Det første er Skype. Geniale opplegget! Visste at det eksisterte, men har liksom ikkje sett moglegheitene før no når eg har mi venninne Janne utplassert i Australia (klikk innom bloggen hennar og følg med på livet hennar «down under»). Nokre enkle klikk, og vips så pratar du live med nokon på andre sida av kloden. No er planen å leve på nudlar og vatn for å spare opp litt kronasj slik at eg kan reise på visitt over jul, så då får eg prate med ho facetoface. Men inntil vidare gjere Skype susen!
  • Min andre fascinasjon er at når du skriv ein epost i Gmail og t.d. skriv «sjå vedlegget», så får du opp ein popup som minner deg på å faktisk legge til det vedlegget. Uvurderleg for slike rotehovud som meg.

Mi tidlegare nemnde to-do-liste har ikkje blitt særleg kortare diverre, men eg leitar stadig etter motivasjon til å byrje. Først ut i oppussingsbolken er avisstativet – manglar berre whitesprit, så kan eg svinge malarkosten. Skrive ned whitesprit på handlelista til i morgon, kanskje…? Nuvel. Eg strikkar i det minste medan eg ventar på motivasjonen! ;)

Kvar finn du motivasjon i kvardagen?

Advertisements

2 responses »

  1. Skype er fantastisk! Jeg skyper med mamma hele tiden :)

    Lykke til med å finne jobb i bokhandel! Det burde vel ikke være helt umulig?

    Whitespirit slipper du unna med vannbasert maling :) Er så deilig å bare skylle kosten godt i vann, uten illeluktende løsemidler!

    Svar
    • Jobb i bokhandel er vrient å få her nede, diverre :/ Men eg gir ikkje opp sånn med det første.

      Haha, no fekk du meg til å gå for å sjå om malinga eg kjøpte faktisk er vatnbasert :D Blei med eitt veldig usikker. Men vert kosten hundre prosent rein berre med å vaske den i vatn? Skal ein bruke litt såpe òg, eller?

      Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: