RSS-kjelde

Monthly Archives: august 2010

Glamorøs fredag

Posted on

Ein av dei bloggane eg har fulgt med på desidert lengst, er bloggen til Glamourbibliotekaren. Ho skriv om smått og stort i kvardagen – musikk, bøker, kvardagsglamour, loppefunn o.s.b.
Eit konsept ho har innført i bloggen sin er «glamorøs fredag». På denne dagen fortel ho om små eller store ting og/eller hendingar som gjev fredagen hennar ein glamorøs touch. Eg slår på stortromma og gjer det same i dag!

Etter ein lang dag på jobb er det glamorøst i seg sjølv å kome heim og kle seg i behagelege klede og drikke te frå ny Hufsa-kopp.

Og for å setje ein ekstra spiss på sofakosen pyntar eg meg litt med…

…nyinnkjøpte, gamle vintage-øredobbar frå Pink Foxes på Epla.

Og for å gjere glamourfredagen komplett, vert det god middag og «Mord og Mysterier» på TV2. God helg, folkens!

Advertisements

Origami

Posted on

Få ting her i verda er så fascinerande som kunsten å brette origami. Kven skulle tru at det gjekk an å lage så vanvittig mykje fint av papir? Eit kjapt biletesøk på internett på «origami» opnar ei heilt ny verd av bretta papirark.

Min umiddelbare favoritt er papirversjonen av Yoda!

Rykta skal ha det til at origami kjem til å kome «på moten» til hausten og utover i 2011 – ein trend eg slett ikkje har noko i mot. Ei som har vore framtenkt på den fronten er Allis, som har for salg mange fine origami-anheng og andre kunstverk i Epla-butikken sin, Eventyrland.

Kva med eit lekkert origamihjerte til antrekket i haust?

Fotokjelde – trykk på bileta. Anheng-biletet er tjuvlånt ;) Håpar det går greit!

Besøksvenn

Posted on

Er du kosesjuk, ute etter å få godt samvit eller er du berre i dårleg humør? Ta deg ein tur til nærmaste kattehus i regi av Dyrebeskyttelsen. Dei har store og små pelsballar som manglar ein heim og eit fang. Flott om du kan adoptere ein og ta med heim. Om du ikkje kan det så er det i alle fall mange kattar som set stor pris å få ligge i fanget og berre kose/sove/leike/bite/bølle! Heimlause pusar har gjerne ikkje fått stort med merksemd i sitt meir eller mindre korte liv, og veit å setje pris på denslags.

Hos meg er det fullt, med mine to katteskinn – men hadde eg hatt eit større hus…

Eit besøk hos kattane har godt-humør-garanti!

Dei aller fleste store byane har eitt eller fleire slike «kattehus» – det er berre å kontakte dyrevernsorganisasjonane og forhøyre seg. Her finn du oversikt over ansvarlege for lokalavdelingane til Dyrebeskyttelsen rundt om i landet.

Eplakjøp #3

Posted on

Eg har ikkje hatt mange innkjøpa på Epla i det siste, men når eg snubla over Mari Halvorsen sin vesle makramébutikk, måtte eg berre handle litt! I tillegg til mange flotte ferdiglaga band, kan ein bestille etter eigne ynskjer.

Eg sendte avgarde ein mail med preferansar ang. storleik, farge og denslags – og ho ordna ut. Tre armband og to fotband. Riktig så kule vart dei!

Monstersaks og redningsforsøk

Posted on

Eg fekk eit monster i posten i dag. Eit halvkilos monster i rustfritt stål. Ei skreddersaks bestilt på ebay. Kvifor, spør du? Eg ville ha ei skikkeleg saks – ikkje slikt Fiskars-tull med plasthandtak. Og det fann eg på Internett, sjølvsagt. Men amerikanarar opererer med tommer og ikkje centimetrar, så eg tok ein lucky guess og satsa på at 10″ var passeleg stort. Det var det, og vel så det. Den passar definitivt ikkje ned i strikkebag’en min… Men fin er den! Eg kan jage innbrotstjuvar og klippe hekken med den ;)

Ellers har eg barmhjertiga meg over ein stusseleg basillikum-plante som hadde hamna i komposten hos ei venninne dersom eg ikkje påtok meg den som redningsprosjekt. Så den vart med meg heim i veska, fekk ny potte og ny jord, så no får vi sjå om det vert noko fres. Glasa i bakgrunnen inneheld forøvrig resultatet av mi siste runde med sylting – jordbær- og rabarbrasyltetøy.

I morgon går turen nordvestover, til bryllaup og moro i Bremanger. Kameraet vert med, så kanskje det vert eit bileteras her etterkvart?

Rom

Posted on

Eg dagdrøymer mykje for tida. Om eige hus på landet. Gammalt, stort og luftig, med knirkete tregolv i kvart einaste rom. Eg veit akkurat korleis alt skal sjå ut. Dessutan – når eg skal sove, opnar eg soveromsdøra og kjem inn eit rom som dette!

Foto © Signe Schineller, Re-signert av Signe

Eg skal på besøk til farmor i helga som kjem – eg trur eg må på leit etter ei liknande retropute. Eller kanskje eg må hente fram korssting-skillsa mine frå barneskulen og lage mi eiga?