RSS-kjelde

Monthly Archives: september 2010

Loppefunn

Sjølv om det søde sørland ser ut til å ha kronisk mangel på loppemarknader, klarte eg faktisk å finne fram til to stykker i dag. Eit skulekorps-loppemarked, og eit loppemarked/kaféarrangement til inntekt for etablering av eit bydelshus i «min» del av Kristiansand. Huset er eigentleg ikkje eit hus, men ei stor nedlagt mølle! Veldig gammal og veldig spesielt. Ikkje innlagt vatn ein gang.

(bilete lånt her)

Eg fann null/niks/nada på den første loppisen (eg var inne i kanskje 10 minutt før eg gjekk heim…), men etter ein tur heim for å få litt lunsj bar det opp på vårt soon-to-be bydelshus. Der vart det fangst.

Det første eg kapra meg var desse gamle trekassene. Dei stod stabla akkurat som dette, og i hodet mitt sa det «bokhylle!» med ein gang eg såg dei – sikkert inspirert av Signe Schineller si tøffe hylleløysing. No har eg riktignok ikkje plass til desse i stova, så dei vart plasserte i kjellerrommet som oppbevaringshylle enn så lenge. Dei er heilt ubehandla, så fekk frykteleg lyst til å male dei anten kvite, eller i ein eller annan knæsj farge. Men inntil vidare får dei stå slik.

Fangst nummer to – eit KK frå året mamma vart fødd (det herrens år 1960)! Urkomisk å lese i. Eg interesserer meg vanlegvis ikkje for desse gamle bladene, men ei av overskriftene fanga interessa mi – så eg raska det med meg til 5 kr ;)

Denne! Som fersk symaskineigar tenkte eg kanskje eg kunne plukke med meg nokre tips frå artikkelen, sjølv om den er 50 år gammal… Stod ein del smart i den! Dessverre er det tydelegvis ein følgjetong, og eg fant ingen andre blad der den heldt fram, så eg får klare meg med å lære å måle opp og klippe stoff enn så lenge.

Siste funnet var ei lita vintage veske frå tidleg 80-tal, med koseleg fór, «lakk-lokk» og lang reim. Eg har trengt ei lita festveske, og denne var perfekt.

Eg betalte rundt 150 kr for alt saman, og det var berre fordi eg la inn litt ekstra kronasj for å støtte etableringa av bydelshuset. Det er alt for lite som skjer utanfor sentrum, og eit bydelshus er eit kjemeflott tiltak. Så no må folk vise at dette er noko dei ynskjer velkomen! Dersom du bur i Kristiansand og ikkje har planer i kveld, så skal det vere konsertar og diverse der frå kl. 20.00 og utover.

Advertisements

På epleslang

Biletet lemnar liten tvil om kvar eg har vore hen – nemleg i eit epletre! Naboen sitt. Og eg var politisk korrekt nok til å spørje før eg forsynte meg…

Eg som vestlending er ikkje vant til å sjå epletre i tide og utide, men her sør i Kristiansand har alle epletre i hagen sin. Med masse frukt! Og ingen brukar det til noko… Folk altså. Tenk på alt godt ein kan lage med epler. Eplekake, eplemuffins, eplevin, tilslørte bondepiker, syltetøy – lista er uendeleg. Å plukke epler i eigen hage er jo ekte, meir eller mindre økologisk, matauk,i staden for å gå på butikken og kjøpe ihelsprøyta frukt som held seg like fin i månadsvis ;)

Eg brukte fangsten min til å putte i kake, for dei var hakket for syrlege framleis til å ete sånn heilt utan vidare. Og for ei god kake det vart! Skulle gjerne ha lagt ut biletebevis, men mesteparten av kaka er allereie oppeten og det som ikkje fekk plass hamna i frysen. Trur likevel det vankar eplekakebilete seinare, for det er enno tid til nokre klatreturar i naboen sitt tre før vinteren tek over.

Trur forresten eg ikkje har nok lesarar til å dra i gong ein slik «pay it forward» ser det ut til – ingen som har meldt si interesse. Men eg let den no stå inntil vidare, så kan «tilfeldige forbipasserande» melde seg på om dei vil :)

Pay it forward

Eg var så heldig å vere ein av dei heldige som kom med i «Pay it forward» inne hos Allis i Eventyrland. Og dette er kva som hamna i postkassa mi! Masse god te og nydeleg fint anheng. No kan eg snart seie at eg har ei samling av Eventyrland-produkt :D

Det er ikkje mange farsottar i bloggverda eg bryr meg med å engasjere meg i, men akkurat denne er superkoseleg! Målet er å glede nokon med ei lita gåve. Og no er det min tur. Dei tre første som skriv i kommentarfeltet mitt at dei har lyst å vere med, får tilsendt ei lita overrasking i posten frå meg (i løpet av neste veke). Einaste kriteriet er at du som deltakar har eigen blogg, og vil følge opp med å sende tre av dine lesarar noko fint :)

Oppussing fullført

I alle fall av eitt prosjekt! Første oppussingsobjekt eg heiv meg over var óg det minste, taktisk nok. Det lilla avisstativet eg fann på loppehelg i Oslo, skulle bli kvitt. Og det vart det – til slutt.

Først ein omgang med sandpapir…

…og så malemalemale. Eg brukte Lady Interiørmaling, vatnbasert, glansgrad 40 (trur eg) – med fargen «Letthet». Fin og kvit, men det måtte 4 strøk til for å dekke godt. Beklager litt dårleg bilete.

Ferdig!

Passar fint å plassere den ved lesestolen (eller kattestolen, som den fungerer som her i huset). Når her er så mørke golv, synest eg det passar seg med lyst møblement.

Til å vere så lite eit prosjekt tok det meg jaggu lang tid før eg kom i gang med malinga. Men eg er av den formeining at ein ikkje skal starte på slike prosjekt før ein er 100 % klar.  Ein kan ikkje tvinge seg sjølv til å gjere det – då vert det jo berre eit ork ;)

Meir oppussing to come!

Eplakjøp #4

Har visst shoppa litt til på Epla i det siste. Nokon burde kanskje stoppe meg snart, men kva i alle dagar skal eg då gjere framover når haustregnet piskar på ruta, og lønninga brenn i lomma? ;)

Bilete av siste tids fangst:

Søte tekopp-øredobbar frå dei dyktige jentene i Tasty. Desse flotte smykka får så mykje omtale på nettet at dei ikkje treng vidare introduksjon.

Nydeleg blått hjerte-anheng frå origamifantomet Allis og eplabutikken Eventyrland. Kjøpte eit søtt bokmerke òg, men det var allereie komt i bruk når biletet vart teke…
Som bonus kom begge deler i søte origamiboksar – dei er jo så fine at du kan selgje dei separat, Allis! :D

Hausten er komen til Kristiansand, så i kveld vert det opphald i sofakroken med pledd, snop og pus på fanget. God helg!

Byttefest

Å ta seg ei langhelg ein gang i ny og ne – og reise vekk ein tur, er berre kjekt. Eg gjorde det no i helga og tok turen til Bergen for å treffe vener og kjente. Ei flott helg på alle måtar. I tillegg fekk eg med meg ein ganske artig happening som eg tidlegare aldri har vore med på. Nemleg byttefest!

Konseptet er like enkelt som det er genialt. Alle tek med seg noko dei vil bytte (av god kvalitet – altså ikkje utvaska singlettar og denslags) og det samlast i ein stor haug. Om du berre har ein ting å bytte vekk, eller opptil fleire posar med byttegjenstandar – spelar inga rolle. Alt samlast i ein haug, og ein utvalgt person tek opp eitt og eitt plagg/gjenstand. Den som vil ha det rekk opp handa. Vil fleire ha det same vert det avgjort kven som vert ny eigar ved hjelp av stein-saks-papir.

Haugen vår vart endå større enn på biletet, og over halvparten av innhaldet fekk ny eigar! Resten vart omhyggeleg pakka ned i posar og levert til Fretex. Intet gjekk til spille og alle vart fornøgde.

Eg var tilreisande, så hadde ikkje med meg meir enn ein pose. Når kvelden var over hadde eg med meg sørover omlag like mykje som eg hadde tatt med i utgangspunktet. Masse gammalt ut, mykje nytt inn! Vinn-vinn ;)

I tillegg til nokre flotte basisplagg, ei ny snasen bukse og ny haustjakke, fekk eg med meg denne flotte medaljongen. Plass til å ha bilete i òg.

Ein byttefest er utan tvil noko av det artigaste ein kan arrangere i gjenbruken sitt namn. Sosialt, moro, miljøvenleg og økonomisk. Og det har ikkje stort å seie om ein har ulike kle- og skostorleikar. Inviter nok folk så dukkar det alltid opp nokon som kan bruke det som vert lagt fram. Med mindre dykk har det som meg på skofronten, og berre treff på folk med bittesmå føter… ;)

Eg har store planer om å få til ein byttefest her i Kr.sand, så bur du her sør og er interessert – gje eit pip!