RSS Feed

Byttefest

Å ta seg ei langhelg ein gang i ny og ne – og reise vekk ein tur, er berre kjekt. Eg gjorde det no i helga og tok turen til Bergen for å treffe vener og kjente. Ei flott helg på alle måtar. I tillegg fekk eg med meg ein ganske artig happening som eg tidlegare aldri har vore med på. Nemleg byttefest!

Konseptet er like enkelt som det er genialt. Alle tek med seg noko dei vil bytte (av god kvalitet – altså ikkje utvaska singlettar og denslags) og det samlast i ein stor haug. Om du berre har ein ting å bytte vekk, eller opptil fleire posar med byttegjenstandar – spelar inga rolle. Alt samlast i ein haug, og ein utvalgt person tek opp eitt og eitt plagg/gjenstand. Den som vil ha det rekk opp handa. Vil fleire ha det same vert det avgjort kven som vert ny eigar ved hjelp av stein-saks-papir.

Haugen vår vart endå større enn på biletet, og over halvparten av innhaldet fekk ny eigar! Resten vart omhyggeleg pakka ned i posar og levert til Fretex. Intet gjekk til spille og alle vart fornøgde.

Eg var tilreisande, så hadde ikkje med meg meir enn ein pose. Når kvelden var over hadde eg med meg sørover omlag like mykje som eg hadde tatt med i utgangspunktet. Masse gammalt ut, mykje nytt inn! Vinn-vinn ;)

I tillegg til nokre flotte basisplagg, ei ny snasen bukse og ny haustjakke, fekk eg med meg denne flotte medaljongen. Plass til å ha bilete i òg.

Ein byttefest er utan tvil noko av det artigaste ein kan arrangere i gjenbruken sitt namn. Sosialt, moro, miljøvenleg og økonomisk. Og det har ikkje stort å seie om ein har ulike kle- og skostorleikar. Inviter nok folk så dukkar det alltid opp nokon som kan bruke det som vert lagt fram. Med mindre dykk har det som meg på skofronten, og berre treff på folk med bittesmå føter… ;)

Eg har store planer om å få til ein byttefest her i Kr.sand, så bur du her sør og er interessert – gje eit pip!

Advertisements

8 responses »

  1. Så gøy med byttefest, det vil jeg også på! Har jo haaaugevis med klær jeg kunne tenkt meg å blit kvitt… :)

    Svar
  2. Moroooo! Jeg vil også på byttefest! Kristiansand høres litt langt ut å dra for en byttefest velogmerke.. Håper noen her i området finner på noe sånt, og inviterer meg :p Veldig kult opplegg.

    Svar
  3. Frå den eine, til den andre. Enkelte ting endrar seg aldri – til dømes at nokre objekt på desse byttefestane kjem attende til haugen frå gong til gong. Kjekt å sjå at sjølv om Hildegunn tydelegvis ombestemte seg, at medaljongen min i alle fall har vandra vidare ;-)

    Svar
  4. Tilbakeping: Fairtrade til pynt « Stabilt Ustabil

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: