RSS Feed

Monthly Archives: november 2010

Ansiktsskrubb – produkttest

Burt´s Bees Peach & Willowbark skrubb

På tide med ein ny produkttest. Denne skrubben var det eit par stykker i bloggverda som hadde kjøpt og testa – og lovordene var mange. Eg var sjølv på utkikk etter ein ny skrubb, primært til andletet, og sidan denne vart anbefalt kjøpte eg denne via Bleieboden.no (dei har produkter til voksne óg, ja). Den er delvis økologisk, og parabenfri.

Nam! Det var det første som falt meg inn når eg opna tuba. Dersom du er fan av produkt som luktar godt, så vil du absolutt like denne. På same måte som eg kunne tenke meg å tygge på kirsebær-lipsylen min, kunne eg tenke meg å knaske litt på innhaldet i denne óg. Så poeng for det!

Men når eg byrja å bruke produktet, vart eg skuffa. Eg ville som sagt bruke det i andletet – men det er den IKKJE egna til (sjølv om det står at den kan brukast til det). Den er alt for grovkorna, og med mi sensitive hud vart det berre katastrofe. Eg synest til og med at skrubben er for grov til å bruke ellers på kroppen óg.

Så frå å vere bestilt som andleteskrubb, enda den opp som fotskrubb. Det kan eg anbefale den som!

Burt’s Bees er eit merke som baserer seg berre på naturlege ingrediensar, og fører produkt for heile kroppen. Les meir om dei her. Eg har testa eit par andre ting frå same merke som eg er meir nøgd med enn denne skrubben, så det kan eg skrive om ved ei seinare anledning.

Miljøvenleg gåveinnpakning

Foto: Scanpix

Det er berre eit fåtal dagar igjen i november, og dei aller fleste har vel allereie byrja å tenke på juleforberedingane? Og julegåveinnkjøp er vel strengt tatt den viktigaste delen å få unna først.

Let du butikkbetjeninga pakke inn gåvene dine, eller gjer du det sjølv med «butikkjøpt» papir? Dersom du er av den miljøvenlege typen anbefalar eg deg å droppe dette. Det aller meste av julepapir, både som butikkane brukar og som dei sel på rull er papir av dårleg kvalitet, full av fargestoffer og leire. Dette gjer til at det er uegna til resirkulering og må gå rett i vanleg søppel. Så eg anbefalar å pakke inn gåvene dine sjølv – i gråpapir eller anna miljøvenleg julepapir som kan resirkulerast! Eller kva med å pakke inn i avispapir?

Gråpapir kan rett nok verte litt «kjedeleg», men med fargerike band, blondar og anna pynt kan du ta gåveinnpakninga til nye høgder. Berre fantasien set grenser. Ta eit kjapt søk på internett for inspirasjon!

Baggu.com, med dei fargerike, miljøvenlege bærenettene sine har óg ein alternativ vri på julegåveinnpakning…

 

Ukens bevisste blogger

Det er ikkje til å kome utanom at i eksamenstida stoppar verda litt opp. Det same gjeld for meg. Bloggen går for lut og kaldt vatn, nyhender vert skumma igjennom utan at eg heilt veit kva eg har lest, og det vert lite tid til noko anna enn pensum (og syns synd på seg sjølv…).

Men i dag har eg latt eksamen vere eksamen, og har gjort eit forsøk på å ta igjen litt lesing av både nyhende og bloggar. Og når eg var ein svipptur innom Grønn og skjønn-bloggen for å lese siste nytt, ser eg plutseleg min eigen header under «Ukens bevisste blogger»! Morro, morro! :) Håpar dykk som har tatt turen innom bloggen har funne noko verdt å lese, sjølv om eg ikkje har oppdatert på ei stund.