RSS-kjelde

Monthly Archives: januar 2011

Avocado- og ananassmoothie

Posted on

(beklager det dårlege biletet)

Smoothie har vore hipt og kult ei stund, men eg har aldri heilt kasta meg på trenden. Mest har det å gjere med ein elendig blender som bråka vanvittig og var eit mareritt å reingjere. Men no har eg fått ny blender frå Phillips, så no går smoothielaginga som ein leik hos meg óg.

Du kan lage smoothie av stort sett alt som smakar godt av frukt og grønt. Min favoritt for tida henta eg inspirasjon til frå bloggen Food is my religion, nemlig avocado- og ananassmoothie.

Eg fulgte ikkje oppskrifta til punkt og prikke, for eg brukar berre 4 ingrediensar i min. Ei frosen banan, ein halv liten ananas frosen i bitar, ein halv avocado og ein dæsj med melk. Treng ikkje isbitar når mesteparten av ingrediensane er frosne. Opp i blenderen, og vips så har du deilig smoothie. Av og til brukar eg 50/50 melk og eplejuice, då vert det friskare smak. Supermat og denslags har eg ikkje trua på så sånt droppar eg, men det er jo opp til kvar enkelt :) Vurderer å prøve å ha oppi sitron/lime neste gong – tippar den vert endå friskare då.

Oppskrifta her vil nok passe fint til to personar dersom ein brukar mellomstore glas. Eg slit seriøst med å få det til å klaffe med mengde endå, så eg endar alltid opp med å drikke eit og eit halvt stort glas med smoothie :P Proppmett etterpå… Velvel. Øving gjer meister – også i dette.

Prøvde dessutan å eksperimentere meg fram på smoothiefronten her forleden – hadde oppi jordbær, ananas, spinat, eple og banan. Men det vart rett og slett for mange smakar på ein gang. Og den fekk ein mildt sagt underleg farge! Trur det enkle er det beste når det kjem til smoothie, gitt.

Kva er din favorittsmoothie? Tips og oppskrifter vert gladeleg tekne i mot!

Advertisements

Leseglede

Posted on

Siste nye på tidsfordriv-fronten er internettsida Bokelskere.no. Her kan du lage deg ei detaljert oversikt over alle bøker du nokonsinne har lest – og har planer om å lese. Du kan markere favorittane dine, gje karakterar og diskutere med andre bokentusiastar. Sida har kanskje ikkje særleg stor nytteverdi, men mitt indre listemonster frydar seg over å ha fullstendig oversikt på bokfronten :)

Dersom du er der inne sjølv, legg meg gjerne til!

Morsom mat

Posted on

Knappekontroll

Posted on

Kvar januar har eg ein stor ryddesjau for å kvitte meg med ting eg ikkje treng, og få orden i ting som faktisk er kjekt å ha. Knappar er til dømes ein veldig fin ting. Opp igjennom tida har eg kjøpt ein del plagg, og ved stort sett alle plagg følgjer det med knappar. Dersom ein samlar alle i ein boks, mistar ein oversikta på ein-to-tre. Derfor har eg tatt eit skikkeleg opprydning i knappeboksen min, og laga merkelappar på dei knappane eg kjenner igjen. Lett å finne fram i, plutseleg.

Kindle og co.

Posted on

Ehm… godt nytt år!

Ingen kan anklage meg for å vere ein aktiv bloggar. Og eg veit det så godt sjølv. Men til mitt forsvar – eg fekk meg Kindle til jul! Så den må nok ta ein del av skulda. Lesing vart med eitt så mykje kjekkare enn alt anna. Og med Kindle går lesinga som ein leik. Norske e-bøker er førebels ei sjeldan vare, og er ikkje kompatible med Kindle, så alt eg har kjøpt er engelske bøker. Blant mine første kjøp var Neil Gaiman – American Gods og komplett samling med Sherlock Holmes-historier. Sistnemnde betalte eg 14 kroner og 10 øre for. Meir eller mindre. Dollaren er lav om dagen, så go nuts på Amazon!

Innlegget er kategorisert under «Grøn kvardag» med god grunn, for det vert ikkje stort meir miljøvenleg enn dette. Sparar masse papir (og ikkje minst plass!) og logistikk-aspektet forsvinn heilt. Det skal seiast at eg lenge har vore veldig anti-lesebrett, og eg elskar framleis lukta og kjensla av papirbøker. Men dingse-guri som eg er, kombinert med bokorm, så er dette midt i blinken. Og sambuaren tok hintet når fjorårets julegåve skulle handlast. Flinke mannen.

Dersom du ynskjer deg eit lesebrett kan eg varmt anbefale Kindle. Mange meiner iPad er eit betre kjøp, men eg er av den oppfatning at Kindle er eit LESEbrett, og er laga og fungerer utmerket deretter. Ipad’en er meir for leik og moro – sjølv om ein òg kan bruke det til å lese bøker og magasiner på.

Det flotte etuiet på biletet er «spesialbestilt» frå Sting og Ting-Ida. Ho tok utfordringa med å lage eit, og eg fekk i oppgåve å teste det ut. So far, so good. Det passar som hand i hanske, er relativt godt fora og er beint fram nydeleg fint! Dersom du spør fint, lagar ho heilt sikkert eitt til deg óg :)