RSS Feed

Avocado- og ananassmoothie

Posted on

(beklager det dårlege biletet)

Smoothie har vore hipt og kult ei stund, men eg har aldri heilt kasta meg på trenden. Mest har det å gjere med ein elendig blender som bråka vanvittig og var eit mareritt å reingjere. Men no har eg fått ny blender frå Phillips, så no går smoothielaginga som ein leik hos meg óg.

Du kan lage smoothie av stort sett alt som smakar godt av frukt og grønt. Min favoritt for tida henta eg inspirasjon til frå bloggen Food is my religion, nemlig avocado- og ananassmoothie.

Eg fulgte ikkje oppskrifta til punkt og prikke, for eg brukar berre 4 ingrediensar i min. Ei frosen banan, ein halv liten ananas frosen i bitar, ein halv avocado og ein dæsj med melk. Treng ikkje isbitar når mesteparten av ingrediensane er frosne. Opp i blenderen, og vips så har du deilig smoothie. Av og til brukar eg 50/50 melk og eplejuice, då vert det friskare smak. Supermat og denslags har eg ikkje trua på så sånt droppar eg, men det er jo opp til kvar enkelt :) Vurderer å prøve å ha oppi sitron/lime neste gong – tippar den vert endå friskare då.

Oppskrifta her vil nok passe fint til to personar dersom ein brukar mellomstore glas. Eg slit seriøst med å få det til å klaffe med mengde endå, så eg endar alltid opp med å drikke eit og eit halvt stort glas med smoothie :P Proppmett etterpå… Velvel. Øving gjer meister – også i dette.

Prøvde dessutan å eksperimentere meg fram på smoothiefronten her forleden – hadde oppi jordbær, ananas, spinat, eple og banan. Men det vart rett og slett for mange smakar på ein gang. Og den fekk ein mildt sagt underleg farge! Trur det enkle er det beste når det kjem til smoothie, gitt.

Kva er din favorittsmoothie? Tips og oppskrifter vert gladeleg tekne i mot!

Advertisements

8 responses »

  1. Jeg har to favoritter i heimen:

    Mango- og pasjonsfrukt; 1 middels mango skrelt og i biter, fruktkjøtt fra 2 pasjonsfrukt, 1/2 kopp yoghurt naturell, 1/2 kopp melk (jeg bytter den ut med juice).

    Banansmoothie med fersken og jordbær; 1 banan, 1 fersken, 4 jordbær (helst ferske), 3/4 kopp appelsinjuice, 1 ts honning.

    Ellers er denne boken fin, enkel og grei og billig; http://www.haugenbok.no/resverk.cfm?st=free&q=500%20smoothier%20og%20juicer&p=1&r=1&cid=198409

    Svar
    • Kanskje ikkje så dumt å gå til anskaffelse av ei bok med dugandes oppskrifter, nei. :) Den mango- og pasjonsfruktsaken høres bare wünderbar ut! Får skrive handleliste til i morgon. Hehe.

      Svar
  2. Nektarinsmoothie med hvitløk! http://bit.ly/dTDpP1
    Det smaker faktisk veldig godt, men jeg brukte hvitløk som har ligget i olje, og disse har ikke like kraftig smak som fersk hvitløk. Pasjonsfrukten setter en skikkelig frisk smak på smoothien :)

    Svar
  3. Så kjekt at du liker smoothie-oppskriften min! Jeg eksperimenterer mye og har også kommet fram til at det enkle ofte er det beste. Og så er det lurt å holde seg til farger som er nogen lunde like og ikke ender opp med å bli spygrønne eller brune. Enkelte av smoothiene jeg har mikset sammen har rett og slett sett lite innbydende ut selv om smaken til tider har vært grei. Det gjelder altså å finne fram til de noen få ingredienser som passer godt sammen.

    Prøv også mango og avocado. NAM!! Og litt lime eller sitron blir bra, men ikke bruk for mye. Lykke til videre med blendingen! :)

    Svar
    • Hei! Så morro at du fann vegen inn hit :)

      Skjønte fort at kva ein har oppi gjorde utslag på fargen, ja. Sambuaren ville IKKJE smake på eksperiment-smoothien min, for å seie det sånn!

      Hald gjerne fram med å legge ut smoothie-oppskrifter på bloggen din! Eg følger stadig med og let meg inspirere.

      Svar
      • Kommer garantert flere smoothie-oppskrifter med jevne mellomrom. Jeg er stor fan, men det går litt i perioder… Kjekt at du følger med! Skal kikke innom her igjen også :)

  4. Eplejuice og MELK? Er det godt med melk og fruktsafter sammen altså? Jeg har pleid å bare blande yoghurt og frosne bær, så jeg er ikke akkurat kjempeoppfinnsom på det området :P Pleier bare å hive oppi kiwi, skogsbær og jordbær og noe. Bør kanskje prøve å lage dem etter oppskrift heretter ;)

    Svar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: