RSS Feed

Monthly Archives: mars 2011

Aussie-bilete

Posted on

Bondi Beach

Bondi Beach

Omsider har eg byrja å redigere litt på bileta eg tok i Australia, og har fått lagt ut eit knippe på Flickr-kontoen min. Du finn alle bileta ved å trykke deg inn på Flickr via linken nederst i sidemenyen her. Fleire kjem etterkvart som eg får redigert og publisert!

Zzz...

Zzzz…

Beachlife!

Alle foto: Privat

Skål(er)!

Posted on

Eg hadde ingen visjonar om å finne noko brukande (til overkommeleg pris!) på Birkelunden, men der tok eg grundig feil. Fine dessertskåler har stått på mi «må ha»-liste i ei evighet. Og kva trur de eg fann?

Der stod dei. Tre skåler til ein 50-lapp. Billeg kvardagslykke! No gjenstår det berre å sjå om det dukkar opp fleire skåler av same sorten ved ei seinare anledning – kan jo ikkje ha berre tre.

Fargerikt

Posted on

Fint på ein fredag:  meter på meter med fargerike silkeband frå Søstrene Grene.

Birkelunden

Posted on

I helga som var reiste eg til Oslo i skuleøyemed, men tok meg tid til sosialisering rett som det var. Søndagen før eg reiste traff eg flotte Ingvild, som eg ikkje har sett på år og dag. Kjekt! Vi åt fortreffeleg mat på Den Gode Café, og tråla Birkelunden bruktmarked i strålande sol.

Mykje fint og mykje rart å sjå på, som seg hør og bør på bruktmarked. Store mengder med folk hadde funne vegen til marknaden denne dagen, så vi vart ikkje verande så alt for lenge. Men midt oppi kaoset fann eg meg noko eg har lett etter lenge – det kjem i eit eige innlegg.

Fin symaskin – som diverre ikkje fekk vere med heim.

Alle foto gjengitt med tillatelse frå Ingvild Telle

Hyttetur

Posted on

Foto: ukjent

Dersom eg fekk velge kva slags påskeferie eg skulle ha (ikkje det at vi er bortskjemde med påskeferie på universitetet…), så ville eg valgt hyttetur!

For mange er turar på hytta ganske så traust og vanleg. Mange stikker på hyttetur så jamnleg som kvar helg. Nordmenn generelt er veldig hyttete av seg har eg inntrykk av. Men eg? Eg har knapt opphold meg i ei hytte, anna enn sporadisk i små periodar i forbindelse med turar på barne- og ungdomskulen. Familien min har aldri hatt hytte, og heller aldri hatt nokon tradisjon for å reise på hytteferie. Dette har ikkje plaga meg nevneverdig. Før no!

No lengtar eg etter å reise på hyttetur. Spelar lita rolle om det er hytte til fjells eller hytte ved sjøen – det går for det same. Men har så lyst å køyre nokre timar med bilen full av proviant, lesse inn på hytta og la roen senke seg.

Det skal ikkje vere internett der, og kun sporadisk telefondekning borte ved oppvaskbenken på kjøkkenet. Der må vere peis, koseleg sofakrok med masse puter, og tregolv som knirkar når du ruslar bort til vindauget for å sjå korleis vèret er. Korvidt der skal vere utedo eller ikkje… har eg ikkje heilt avgjort endå :P

Eg er ikkje noko skimenneske, så skiturar utgår. Men fjellturar går eg gladeleg på. Og etter ein lang tur, tek eg ein litt for kald dusj og  ikler meg mariusgenseren min og heimestrikka sokkar, før eg krøllar meg saman i nemnde koselege sofakrok. Her løyser ein kryssord eller spelar scrabble og ludo med sine medhyttebuande (for ein reiser jo ikkje på hyttetur åleine!). Vi skal sitje til langt på kveld med litt godt i glaset, høyre knitringa frå peisen og prate om alt og ingenting – før vi legg oss i køysengene våre etter ein runde med putekrig.

Spørs om eg ikkje idylliserer hyttelivet ein smule – men det veit eg jo ikkje før eg har prøvd! Nokon som blir med? ;)

Giveaway i Eventyrland

Posted on

Bloggen til Allis i Eventyrland runda eitt år for litt sidan, og no skal ho ha giveaway! Oppfordrar alle til å stikke innom bloggen, og slenge seg på :) (sjølv om eg satsar på å stikke av med premien sjølv…)

Souvenir

Posted on

Ein av souvenirane eg fekk med meg heim frå Australia var strengt tatt ikkje australsk. På ein marknad i Melbourne kom eg i kontakt med ei dame som hadde ein stand med mange fine smykker utskorne i bein. Ho var maori (urinnvåner frå New Zealand), og hadde drive med beinkunst lenge. Alle smykka ho hadde med seg hadde kvar sin symbolikk.

Kval-halen er eit symbol på lykke i Stillehavskulturen, og den representerer hurtighet og styrke. Maoriane ser på kvalar som åndelege veiledarar, som beskyttar og bringer lykke til dei som skal ferdast over hav. Sidan eg bur i Norge ferdast eg på havet rett som det er – så det passa meg ypperleg. Har ikkje hatt bruk for lykke og hell på båttur endå, men no er eg i alle fall sikra!