RSS Feed

Monthly Archives: september 2011

Ærleg talt om sjølvtillit

Dagens innlegg er utelukkande ei blogganbefaling. Nokre gonger snublar ein over bloggar ein berre MÅ følge med på, for dei er så godt skrive, bileta er så flotte og tematikken er midt i blinken for deg. Lost in a Spotless Mind var ein slik blogg for meg. Bloggaren Maria er utdanna stylist, og brukar bloggen sin til å formidle stiltips, lure triks for ein fashionista og diverse andre ting. Og innimellom kjem det óg personlege betraktningar på livet og korleis ein skal takle det. Ei herleg blanding, absolutt.

Innlegget eg vil anbefale er nettopp ei slik personleg betraktning. I innlegget About confidence, honestly har Maria skrive om dette med sjølvtillit og korleis hennar eigne erfaringar rundt dette er. Det meste ho skriv her kan eg som jente, og sikkert veldig mange andre, kjenne seg igjen i – og vite at vi må jobbe med det for å snu det negative til det positive. Les, reflekter og oppdag at ho har så rett, så rett ;) To tomlar opp frå meg.

Bruktleilighet

Sidan mitt siste livsteikn i mai, har eg og sambuaren flytta på oss – frå Kristiansand til Bergen. Her har vi slått oss ned i ei leilighet i eit koseleg lite bergenshus. Sidan denne leiligheta i motsetning til den førre, ikkje var møblert, måtte vi skaffe oss ein heil del. Og kva er vel då kjekkare for miljøbevisste sjeler enn å konkurrere med seg sjølv i å finne mest mogleg brukt? Ja, det er litt meir tungvint å henge på finn.no og stå tidleg opp for å gå på loppisar. Og som regel må du bære fangsten heile vegen heim om du ikkje har bil – men kjensla av å ha funne noko unikt og fint, og å ha spart ein god del pengar, er absolutt verdt det!

Nokre ting her har vi skaffa oss nytt – som seng, eit par lampar og litt småting signert alle fattige studenters favorittsjappe Ikea. Men utanom det har leiligheta sakte men sikkert blitt møblert med bruktfunn (og håndlagde ting).

På biletet over er «kose/strikke/lesekroken» min. Både stolen, lampen, blomepotta til aloe veraen min, og pleddet er loppefunn – sum: 100 kr. Leselampen og bordet er frå Ikea.

Ellers så har handledilla mi på Epla.no gitt utslag i leiligheten. Biletet som heng over stolen er frå Carambatack Design, og strikketøymappene er frå Vanella.

Fleire glimt frå «bruktkåken» min kjem seinare!

Legg opp buksa di!

Eg gjenopplivar (!) bloggen min med eit kort og greitt innlegg – lær deg korleis du legg opp buksa di, med den originale sømmen. Med denne teknikken er det griseenkelt!

Eg fann dette via bokmerkedelinga inne hos Kaptein Biff! Kvar veke deler ho av si rikhaldige bokmerkesamling, der eg har funne mange gode tips og triks. Sjekk ut!