RSS-kjelde

Monthly Archives: oktober 2011

Isrosa

Laurdag er min fråtsedag i veka, og denne laurdagen som var vart det ekstra mykje fråtsing. Det var Bondens Marked her i Bergen, og bodene bugna over av godsaker ein kunne smake på. I tillegg til ein gedigen skulebolle med eggekrem og syltetøy, og svele med rabarbrasyltetøy, fekk eg skvisa nedpå eit stort beger med økologisk bjørnebæris frå Isrosa. Min tidlegare favoritt frå Isrosa har vore vanilje med sjokobitar, men den må diverre sjå seg slått no.

I tillegg til å stille opp må Bondens Marked, har Isrosa eigen nettbutikk (!) for dei som held til i Kvinnherad, og distribuerer isen sin til ulike butikkar rundt om i landet. Gå inn på sidene deira for å sjå om dei sel is i nærleiken av deg. Iskremluksus :)

Advertisements

Fairtrade til pynt

Eg feirer helga med ein bukett Fairtrade-merka kvite roser (med omtanke). Fine, ikkje sant?

Norgesglasa funkar flott som vase.

I kveld skal eg på byttefest igjen. Forhåpentlegvis kjem eg heim med ein fin skatt eller tre!

God helg!

Detaljar

Posted on

Elskar detaljane i stoffet på «loppestolen» min. Skulle ønske det gjekk an å trekke den opp at i akkurat same stoffet! Kanskje eg kun treng å trekke opp att setet, som er mest slitt…? Akk, ja.