RSS-kjelde

Category Archives: Fine ting

Dekorativ karri

Posted on

Frå farmors kjøkken. Tenk om alle kryddeglas kunne vere så fine! Trur ikkje farmor brukar karri så ofte, sett ut i frå årgangen på designet.

Advertisements

Hald varmen

Posted on

Kjelde: Pinterest

Januar går mot slutten, men det er framleis vinter i ein månad til dessverre. Den akk så tunge vinterperioden kan likevel gjerast litt lettare og meir overkomeleg med gode, varme og freshe vinterplagg. Aller helst denne fantastiske kåpa.

Og innunder kåpa må ein ha ein dugande strikkagenser, i tjukt garn med flettestrikk. Kjærleik!

Kjelde: Pinterest

Fairtrade til pynt

Eg feirer helga med ein bukett Fairtrade-merka kvite roser (med omtanke). Fine, ikkje sant?

Norgesglasa funkar flott som vase.

I kveld skal eg på byttefest igjen. Forhåpentlegvis kjem eg heim med ein fin skatt eller tre!

God helg!

Ærleg talt om sjølvtillit

Dagens innlegg er utelukkande ei blogganbefaling. Nokre gonger snublar ein over bloggar ein berre MÅ følge med på, for dei er så godt skrive, bileta er så flotte og tematikken er midt i blinken for deg. Lost in a Spotless Mind var ein slik blogg for meg. Bloggaren Maria er utdanna stylist, og brukar bloggen sin til å formidle stiltips, lure triks for ein fashionista og diverse andre ting. Og innimellom kjem det óg personlege betraktningar på livet og korleis ein skal takle det. Ei herleg blanding, absolutt.

Innlegget eg vil anbefale er nettopp ei slik personleg betraktning. I innlegget About confidence, honestly har Maria skrive om dette med sjølvtillit og korleis hennar eigne erfaringar rundt dette er. Det meste ho skriv her kan eg som jente, og sikkert veldig mange andre, kjenne seg igjen i – og vite at vi må jobbe med det for å snu det negative til det positive. Les, reflekter og oppdag at ho har så rett, så rett ;) To tomlar opp frå meg.

Ugledilla

Posted on

Hei! Stikk hovudet ut frå eksamensbobla mi for å poste eit kjapt innlegg.

Ugler er definitivt i motebiletet for tida – eit kjapt søk på den store verdsveven stadfestar dette til tusen. Eg har hatt ei dille på ugler i fleire år no, så eg er naturleg nok glad for dette. Når eg var i Australia fekk eg shoppa meg ugler til å ha både i øyrene og rundt halsen.

Mitt beste uglekjøp på aldri så lenge er denne stygg-fine tassen her! Han stod på eit bord på ein loppemarknad og ropte på meg. Veit ikkje heilt kva den har blitt brukt som, men for meg fungerer den utmerket som potte til kattegraset. Kattane verkar nøgde med nykomlingen.

Skal knipse fleire bilete av uglegalskapen min etterkvart!

I tillegg har eg vore på ein del loppisar i det siste, og har mange flotte kjøp å vise fram. Trur nok eg snart må opprette ein eigen kategori for loppemarknader. Ser at mange av dei som stikker innom har søkt på det og funne fram hit.

______

Og dersom nokon lurer på kvifor mesteparten av bileta mine vert tekne i vindaugskarmen, så er det fordi eg har ei vanvittig mørk leilighet og eit lite lyssterkt objektiv på kameraet ;)

På skattejakt hos farmor

Posted on

Eg treng ikkje reise på loppemarknad og bruke pengar på norgesglass – farmor har hyllemeter med alle storleikar tilgjengeleg. I tillegg til mange andre spennande skattar. Det kjem nok eit par innlegg til frå besøket mitt her!

Elskar den gamle After Eight-boksen og den blomstrete svarte kakeboksen.

Desse glaserte raudleirekrukkene har eg fått til odel og eige. Den minste skal innehalde kjøkkenreiskaper på kjøkkenbenken og den store skal bli kattematbehaldar (dersom eg finn eit dugande «lokk»). Kva eg skal finne på med den mellomste veit eg ikkje endå.

Forslag? :)

Skål(er)!

Posted on

Eg hadde ingen visjonar om å finne noko brukande (til overkommeleg pris!) på Birkelunden, men der tok eg grundig feil. Fine dessertskåler har stått på mi «må ha»-liste i ei evighet. Og kva trur de eg fann?

Der stod dei. Tre skåler til ein 50-lapp. Billeg kvardagslykke! No gjenstår det berre å sjå om det dukkar opp fleire skåler av same sorten ved ei seinare anledning – kan jo ikkje ha berre tre.