RSS Feed

Category Archives: Kreativt

Legg opp buksa di!

Eg gjenopplivar (!) bloggen min med eit kort og greitt innlegg – lær deg korleis du legg opp buksa di, med den originale sømmen. Med denne teknikken er det griseenkelt!

Eg fann dette via bokmerkedelinga inne hos Kaptein Biff! Kvar veke deler ho av si rikhaldige bokmerkesamling, der eg har funne mange gode tips og triks. Sjekk ut!

Pepsipute

Posted on

Når eg besøker farmor søv eg på gamlerommet til yngste onkelen min. Og det er tydeleg at kreativiteten i familien vår ikkje avgrensar seg til kvinnfolka. I stolen ved senga ligg ei pute med Pepsi-logo sydd med korssting – signert nettopp onkel.

Liknar ikkje det minste på det trådsammensuriumet eg laga i handarbeidstimane på ungdomskulen. Stileg, sant? ;)

Tid for handarbeid

Posted on

Eg er heime ein tur på Vestlandet, og oppheld meg for tida inne hos farmor. Kvar gong eg kjem inn her, senkar freden seg – og eg har både tid og ork til å sysle med handarbeid (sjølv om alt pensum er med i kofferten óg…).

Tok med meg to påbegynte prosjekt heimefrå; eit par med tjukkesokkar som sambuaren skal få, og dette prosjektet du ser her. Det skal bli ei barselgåve til ei lita tulle i nær framtid. Eg er veldig i mot at jenter kun skal ha rosa og gutar kun skal ha blått, så eg strikkar utelukkande i kjønnsnøytrale fargar – som denne friske raudfargen!

Kan diverre ikkje avsløre kva det skal bli heilt endå, men eg kan seie så mykje som at det ikkje vert små søte vottar denne gangen!

Oppussing fullført

I alle fall av eitt prosjekt! Første oppussingsobjekt eg heiv meg over var óg det minste, taktisk nok. Det lilla avisstativet eg fann på loppehelg i Oslo, skulle bli kvitt. Og det vart det – til slutt.

Først ein omgang med sandpapir…

…og så malemalemale. Eg brukte Lady Interiørmaling, vatnbasert, glansgrad 40 (trur eg) – med fargen «Letthet». Fin og kvit, men det måtte 4 strøk til for å dekke godt. Beklager litt dårleg bilete.

Ferdig!

Passar fint å plassere den ved lesestolen (eller kattestolen, som den fungerer som her i huset). Når her er så mørke golv, synest eg det passar seg med lyst møblement.

Til å vere så lite eit prosjekt tok det meg jaggu lang tid før eg kom i gang med malinga. Men eg er av den formeining at ein ikkje skal starte på slike prosjekt før ein er 100 % klar.  Ein kan ikkje tvinge seg sjølv til å gjere det – då vert det jo berre eit ork ;)

Meir oppussing to come!

Eplakjøp #4

Har visst shoppa litt til på Epla i det siste. Nokon burde kanskje stoppe meg snart, men kva i alle dagar skal eg då gjere framover når haustregnet piskar på ruta, og lønninga brenn i lomma? ;)

Bilete av siste tids fangst:

Søte tekopp-øredobbar frå dei dyktige jentene i Tasty. Desse flotte smykka får så mykje omtale på nettet at dei ikkje treng vidare introduksjon.

Nydeleg blått hjerte-anheng frå origamifantomet Allis og eplabutikken Eventyrland. Kjøpte eit søtt bokmerke òg, men det var allereie komt i bruk når biletet vart teke…
Som bonus kom begge deler i søte origamiboksar – dei er jo så fine at du kan selgje dei separat, Allis! :D

Hausten er komen til Kristiansand, så i kveld vert det opphald i sofakroken med pledd, snop og pus på fanget. God helg!

Origami

Posted on

Få ting her i verda er så fascinerande som kunsten å brette origami. Kven skulle tru at det gjekk an å lage så vanvittig mykje fint av papir? Eit kjapt biletesøk på internett på «origami» opnar ei heilt ny verd av bretta papirark.

Min umiddelbare favoritt er papirversjonen av Yoda!

Rykta skal ha det til at origami kjem til å kome «på moten» til hausten og utover i 2011 – ein trend eg slett ikkje har noko i mot. Ei som har vore framtenkt på den fronten er Allis, som har for salg mange fine origami-anheng og andre kunstverk i Epla-butikken sin, Eventyrland.

Kva med eit lekkert origamihjerte til antrekket i haust?

Fotokjelde – trykk på bileta. Anheng-biletet er tjuvlånt ;) Håpar det går greit!

Eplakjøp #3

Posted on

Eg har ikkje hatt mange innkjøpa på Epla i det siste, men når eg snubla over Mari Halvorsen sin vesle makramébutikk, måtte eg berre handle litt! I tillegg til mange flotte ferdiglaga band, kan ein bestille etter eigne ynskjer.

Eg sendte avgarde ein mail med preferansar ang. storleik, farge og denslags – og ho ordna ut. Tre armband og to fotband. Riktig så kule vart dei!