RSS Feed

Category Archives: Oppskrifter

Den perfekte gulrotkaka

Posted on

Det er ikkje berre marsipanen og appelsina som er obligatorisk i påska. Gulrotkake må ein ha òg – om berre på grunn av fargen! Eg seier aldri nei takk til gulrotkake, men har faktisk aldri laga det sjølv før no. Og det vart fulltreffer på første forsøk! Likar å tru at det er fordi eg er slikt eit naturtalent på kjøkkenet… :P

Oppskrifta henta eg inne hos skjønne Underbara Clara.

Du treng:

3 egg

3 dl sukker

3 dl kveitemjøl

1 ts vaniljesukker

3 ts bakepulver

1,5 ts kanel

1 ts kardemomme

0,5 ts malt ingefær (kan sløyfast)

Ei klype salt

1,5 dl solsikke- eller soyaolje

4 dl rivne gulrøter (på finaste delen av råkostjernet)

Sett ovnen på 150 grader. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland først i det tørre, så olja og gulrøtene. Hell opp i ei lita langpanne/lasagneform. Steik midt i ovnen i omtrent ein time. Prøv deg fram med ei kakenål her.

Til glasuren:

60 gr mjukt smør

4 dl melis

100 gr Philadelfiaost

ei klype vaniljesukker

2 matskeier sitronsaft

Visp saman til luftig og jamn røre, og smør på avkjølt kake. Yummy! Kan forøvrig anbefale å byte ut sitronsafta med safta og det grøne skalet av ein (økologisk!) lime. Gjer glasuren endå litt syrlegare og god.

Kos dykk masse siste resten av påska! :)

Mango- og bringebærsmoothie

Posted on

Ny favoritt på smoothie-fronten! Eg hadde ein stor pose frosne bringebær igjen frå når eg laga syltetøy i fjor, så då gjekk det til smoothiebruk.

For å lage denne treng du ein liten mango, ei frosen banan, ein god neve frosne bringebær, litt melk og litt eplejuice. Vil tru at dersom ein varierer mengda mango og/eller mengda bringebær vil det vere sterkare smak av anten det eine eller det andre – min smakte mest bringebær.

Mango på vranga :)

Avocado- og ananassmoothie

Posted on

(beklager det dårlege biletet)

Smoothie har vore hipt og kult ei stund, men eg har aldri heilt kasta meg på trenden. Mest har det å gjere med ein elendig blender som bråka vanvittig og var eit mareritt å reingjere. Men no har eg fått ny blender frå Phillips, så no går smoothielaginga som ein leik hos meg óg.

Du kan lage smoothie av stort sett alt som smakar godt av frukt og grønt. Min favoritt for tida henta eg inspirasjon til frå bloggen Food is my religion, nemlig avocado- og ananassmoothie.

Eg fulgte ikkje oppskrifta til punkt og prikke, for eg brukar berre 4 ingrediensar i min. Ei frosen banan, ein halv liten ananas frosen i bitar, ein halv avocado og ein dæsj med melk. Treng ikkje isbitar når mesteparten av ingrediensane er frosne. Opp i blenderen, og vips så har du deilig smoothie. Av og til brukar eg 50/50 melk og eplejuice, då vert det friskare smak. Supermat og denslags har eg ikkje trua på så sånt droppar eg, men det er jo opp til kvar enkelt :) Vurderer å prøve å ha oppi sitron/lime neste gong – tippar den vert endå friskare då.

Oppskrifta her vil nok passe fint til to personar dersom ein brukar mellomstore glas. Eg slit seriøst med å få det til å klaffe med mengde endå, så eg endar alltid opp med å drikke eit og eit halvt stort glas med smoothie :P Proppmett etterpå… Velvel. Øving gjer meister – også i dette.

Prøvde dessutan å eksperimentere meg fram på smoothiefronten her forleden – hadde oppi jordbær, ananas, spinat, eple og banan. Men det vart rett og slett for mange smakar på ein gang. Og den fekk ein mildt sagt underleg farge! Trur det enkle er det beste når det kjem til smoothie, gitt.

Kva er din favorittsmoothie? Tips og oppskrifter vert gladeleg tekne i mot!

Meir bær

Posted on

Mykje bær på denne fronten no, men hallo – det er sesong ;) I går  scora eg uante mengder med husmorpoeng på å for fyrste gang koke mitt eige syltetøy av sjølvplukka rips (og egenkjøpte bringebær… *kremt* ). Og sidan det endte opp med å bli vellukka, så kan eg trygt dele oppskrifta!

Bringebær- og ripssyltetøy

Du treng ikkje mange ingrediensane. Eg kokte syltetøy i to omgangar, med utgangspunkt i denne oppskrifta

600 gram bringbær

400 gram rips

ca. 400 gram sukker

tomme, reine syltetøyglas

Eg anbefaler å kjøpe inn sukker spesielt for sylting. Syltesukker har pektin i seg, som gjer til at syltetøyet tjuknar og vert lettare å handtere når det skal etast. Syltesukker får du på dei fleste store daglegvarebutikkane.

Kok opp bæra i ei stor gryte, under lok. Det er viktig at bæra vert raskt og jamnt kokte – rør med jamne mellomrom. Når bæra er gjennomkokte, trekk gryta av plata og tilsett sukker. Rør ut sukkeret før du set gryta tilbake på plata og gjev syltetøyet eit nytt oppkok. No er syltetøyet veldig tyntflytande, men det tjuknar fort når det kjem på glas og vert avkjølt.

Skum av (og prøvesmak!)

No skal du ha syltetøyet på glas. Det er VELDIG viktig at glasa er varme – varmt syltetøy + kalde glas = minieksplosjon og klissete kjøkken :P

Eg sette glasa inn i kald ovn og varma opp til 100 grader, og lot dei stå ca. 10 minutt. Ta dei ut og hell umiddelbart oppi syltetøyet.

Fyll glasa breddfulle, utan at dei renn over. Sølar du så tørk av kantane med eit papir. Skru godt på loket. Grunnen til at dei skal vere så fulle som mogleg, er at syltetøyet «hermetiserer» seg sjølv når det kjølnar av. Etter at du har skrudd på loket vil du etter ei stund høyre eit «smokk» når loket på glaset festar seg. Ganske kult.

Lat glasa stå og avkjøle seg heilt. No kan du anten setje tennene i ei brødskive med ferskt syltetøy, sette glasa mørkt og kjøleg for seinare nytelse, eller dekorere glaset litt og gje vekk som gåve.

Og så eit bilete for å illustrere korleis dagens husmødre har det på kjøkkenet:

Nettsurfing og syltekoking i skjønn forening ;)

Rabarbragraut

Posted on

Eg tek ei ønskereprise (for min eigen del) på eit innlegg eg posta i gamlebloggen min. Rabarbragraut!

Suget etter rabarbra og rabarbragraut har vore latterleg no i vinter – og eg har med tungt hjarte innsett at butikkane ikkje fører frosen rabarbra i pose. Det hadde jo vore genialt nemlig. Moglegheita til å lage seg ei stor skål med rabarbragraut, midt på tjukkaste vinteren. Ein kjem ikkje stort nærmare sommaren utanom sesongen enn det.

Har du fersk rabarbra rett frå hagen så smakar den jo sjølvsagt best dyppa i sukker!

Til rabarbragrauten treng du

  • ca. 4 dl rabarbra i bitar
  • 1,5 dl sukker
  • 5 dl vatn
  • 3 ss potetmjøl
  • ein dæsj ublanda saft

Skjær rabarbraen i bitar.

Mål opp vatn.

Hell vatn i ei kasserolle, ha opp i rabarbraen og halvparten av sukkeret, og tilsett ein god splæsj med ublanda saft. Den vil ikkje ha store utslaget på smaken, men gir grauten ein delikat farge.

Kok opp blandinga, og smak til med resten av sukkeret. Vèr forsiktig – det blir fort for søtt.

Rør ut 3 ss med potetmjøl i litt kaldt vatn, tilsett som ein tynn stråle, rør rundt og trekk kasserolla av plata. Grauten blir tjukk med ein gong.

Server lunken eller kald med ein skvett fløyte, ein klatt med krem eller litt vaniljesaus.

Og vips så vart det sommar – berre for ei lita stund.