RSS-kjelde

Category Archives: Ymse

Pepsipute

Posted on

Når eg besøker farmor søv eg på gamlerommet til yngste onkelen min. Og det er tydeleg at kreativiteten i familien vår ikkje avgrensar seg til kvinnfolka. I stolen ved senga ligg ei pute med Pepsi-logo sydd med korssting – signert nettopp onkel.

Liknar ikkje det minste på det trådsammensuriumet eg laga i handarbeidstimane på ungdomskulen. Stileg, sant? ;)

Advertisements

Hyttetur

Posted on

Foto: ukjent

Dersom eg fekk velge kva slags påskeferie eg skulle ha (ikkje det at vi er bortskjemde med påskeferie på universitetet…), så ville eg valgt hyttetur!

For mange er turar på hytta ganske så traust og vanleg. Mange stikker på hyttetur så jamnleg som kvar helg. Nordmenn generelt er veldig hyttete av seg har eg inntrykk av. Men eg? Eg har knapt opphold meg i ei hytte, anna enn sporadisk i små periodar i forbindelse med turar på barne- og ungdomskulen. Familien min har aldri hatt hytte, og heller aldri hatt nokon tradisjon for å reise på hytteferie. Dette har ikkje plaga meg nevneverdig. Før no!

No lengtar eg etter å reise på hyttetur. Spelar lita rolle om det er hytte til fjells eller hytte ved sjøen – det går for det same. Men har så lyst å køyre nokre timar med bilen full av proviant, lesse inn på hytta og la roen senke seg.

Det skal ikkje vere internett der, og kun sporadisk telefondekning borte ved oppvaskbenken på kjøkkenet. Der må vere peis, koseleg sofakrok med masse puter, og tregolv som knirkar når du ruslar bort til vindauget for å sjå korleis vèret er. Korvidt der skal vere utedo eller ikkje… har eg ikkje heilt avgjort endå :P

Eg er ikkje noko skimenneske, så skiturar utgår. Men fjellturar går eg gladeleg på. Og etter ein lang tur, tek eg ein litt for kald dusj og  ikler meg mariusgenseren min og heimestrikka sokkar, før eg krøllar meg saman i nemnde koselege sofakrok. Her løyser ein kryssord eller spelar scrabble og ludo med sine medhyttebuande (for ein reiser jo ikkje på hyttetur åleine!). Vi skal sitje til langt på kveld med litt godt i glaset, høyre knitringa frå peisen og prate om alt og ingenting – før vi legg oss i køysengene våre etter ein runde med putekrig.

Spørs om eg ikkje idylliserer hyttelivet ein smule – men det veit eg jo ikkje før eg har prøvd! Nokon som blir med? ;)

Giveaway i Eventyrland

Posted on

Bloggen til Allis i Eventyrland runda eitt år for litt sidan, og no skal ho ha giveaway! Oppfordrar alle til å stikke innom bloggen, og slenge seg på :) (sjølv om eg satsar på å stikke av med premien sjølv…)

«Down Under»

Posted on

178

Mitt bloggfråver denne gongen skuldast heisatur til Australia! Ei oppleving for livet, utan tvil. Traff på mange kjekke aussies, blant anna denne hårete vesle tassen. Tok eit heilt minnekort med bilder, så må gå igjennom og redigere/slette litt. Bileteinnlegg kjem (til den som ventar tålmodig…)!

Kirsebær-pris!

Sjølv om blogginga her er noget fråværande for tida, så hindra det meg likevel ikkje i å motta ein bloggpris! Den kom frå søtaste Allis. Tusen takk!

Regler for prisen
1. Takk den du har mottatt prisen fra.
2. Kopier prismerket til bloggen din.
3. Fortell 3 ting du liker å gjøre.
4. Send prisen videre til 5 deltagere som du føler fortjener den.

3 ting jeg liker å gjøre:
– pusle rundt med ymse prosjekter (gjerne så mange som mogleg på same tid…)
– «leike på papir» med ord og formuleringar
– strikke

 

… æsj, berre tre ting? Eg som har så mykje kjekt eg likar å gjere! Jaja :)

 

I tillegg er det meininga at eg skal gje den vidare til 5 andre som fortener den. Det vert ikkje noko problem, men usikker på kven som har fått den og ikkje. Uansett:
Janne Helen – fordi ho tek aldeles nydelege bilete, samme kva motivet er.
Yvonne – for sine fantastiske matoppskrifter (prøv den italienske pølsegryta!)
Janne – fordi ho er mi fantastiske, gode venninne, og fordi ho skriv flotte blogginnlegg om sitt utanlandsopphald i Australia
Isabel – for sine fantastiske kvardagsanekdoter og ymse humoristiske innspel.
Frøken Paris – for solide dosar med farge i kvardagen, og fransk oversetjing – eg prøvar å sjå kor mykje eg hugsar av skulefransken min ;)

Eplakjøp #4

Har visst shoppa litt til på Epla i det siste. Nokon burde kanskje stoppe meg snart, men kva i alle dagar skal eg då gjere framover når haustregnet piskar på ruta, og lønninga brenn i lomma? ;)

Bilete av siste tids fangst:

Søte tekopp-øredobbar frå dei dyktige jentene i Tasty. Desse flotte smykka får så mykje omtale på nettet at dei ikkje treng vidare introduksjon.

Nydeleg blått hjerte-anheng frå origamifantomet Allis og eplabutikken Eventyrland. Kjøpte eit søtt bokmerke òg, men det var allereie komt i bruk når biletet vart teke…
Som bonus kom begge deler i søte origamiboksar – dei er jo så fine at du kan selgje dei separat, Allis! :D

Hausten er komen til Kristiansand, så i kveld vert det opphald i sofakroken med pledd, snop og pus på fanget. God helg!

Besøksvenn

Posted on

Er du kosesjuk, ute etter å få godt samvit eller er du berre i dårleg humør? Ta deg ein tur til nærmaste kattehus i regi av Dyrebeskyttelsen. Dei har store og små pelsballar som manglar ein heim og eit fang. Flott om du kan adoptere ein og ta med heim. Om du ikkje kan det så er det i alle fall mange kattar som set stor pris å få ligge i fanget og berre kose/sove/leike/bite/bølle! Heimlause pusar har gjerne ikkje fått stort med merksemd i sitt meir eller mindre korte liv, og veit å setje pris på denslags.

Hos meg er det fullt, med mine to katteskinn – men hadde eg hatt eit større hus…

Eit besøk hos kattane har godt-humør-garanti!

Dei aller fleste store byane har eitt eller fleire slike «kattehus» – det er berre å kontakte dyrevernsorganisasjonane og forhøyre seg. Her finn du oversikt over ansvarlege for lokalavdelingane til Dyrebeskyttelsen rundt om i landet.