RSS-kjelde

Tag Archives: bondens marked

Isrosa

Laurdag er min fråtsedag i veka, og denne laurdagen som var vart det ekstra mykje fråtsing. Det var Bondens Marked her i Bergen, og bodene bugna over av godsaker ein kunne smake på. I tillegg til ein gedigen skulebolle med eggekrem og syltetøy, og svele med rabarbrasyltetøy, fekk eg skvisa nedpå eit stort beger med økologisk bjørnebæris frå Isrosa. Min tidlegare favoritt frå Isrosa har vore vanilje med sjokobitar, men den må diverre sjå seg slått no.

I tillegg til å stille opp må Bondens Marked, har Isrosa eigen nettbutikk (!) for dei som held til i Kvinnherad, og distribuerer isen sin til ulike butikkar rundt om i landet. Gå inn på sidene deira for å sjå om dei sel is i nærleiken av deg. Iskremluksus :)

Advertisements

Bondens Marked

Posted on

Frigjeringsdag, flott vèr og spasertur til sentrum! Der kom eg over Bondens Marked på torget. Dette markedet har eg brukt å stikke innom dei dagane dei set opp bodene sine, og eg finn alltid noko snadder. Dessutan er dette mat med godt samvit – kortreist og økologisk!

Eg var først innom boda til min faste honningforhandler – Løvjomås Bigård. Der kjøpte eg flytande blomsterhonning og ei aldeles nydeleg og luftig honningkake. Den vert ikkje liggande lenge. Honningkake skal visstnok vere enkelt å lage sjølv, så det varer vel ikkje lenge før eg sjølv må hive meg i bakinga.

Deretter kjøpte eg økologiske egg. Billegare enn i butikken, og egga var STORE. Kartongen lovar at dei er «verpet av glade høner i hyggelige omgivelser«, og inne i lokket står historia til garden trykt!

Gler meg til varm melk med honning og omelettfrukost i morgon!