RSS-kjelde

Tag Archives: gjenbruk

Fairtrade til pynt

Eg feirer helga med ein bukett Fairtrade-merka kvite roser (med omtanke). Fine, ikkje sant?

Norgesglasa funkar flott som vase.

I kveld skal eg på byttefest igjen. Forhåpentlegvis kjem eg heim med ein fin skatt eller tre!

God helg!

Advertisements

Bruktleilighet

Sidan mitt siste livsteikn i mai, har eg og sambuaren flytta på oss – frå Kristiansand til Bergen. Her har vi slått oss ned i ei leilighet i eit koseleg lite bergenshus. Sidan denne leiligheta i motsetning til den førre, ikkje var møblert, måtte vi skaffe oss ein heil del. Og kva er vel då kjekkare for miljøbevisste sjeler enn å konkurrere med seg sjølv i å finne mest mogleg brukt? Ja, det er litt meir tungvint å henge på finn.no og stå tidleg opp for å gå på loppisar. Og som regel må du bære fangsten heile vegen heim om du ikkje har bil – men kjensla av å ha funne noko unikt og fint, og å ha spart ein god del pengar, er absolutt verdt det!

Nokre ting her har vi skaffa oss nytt – som seng, eit par lampar og litt småting signert alle fattige studenters favorittsjappe Ikea. Men utanom det har leiligheta sakte men sikkert blitt møblert med bruktfunn (og håndlagde ting).

På biletet over er «kose/strikke/lesekroken» min. Både stolen, lampen, blomepotta til aloe veraen min, og pleddet er loppefunn – sum: 100 kr. Leselampen og bordet er frå Ikea.

Ellers så har handledilla mi på Epla.no gitt utslag i leiligheten. Biletet som heng over stolen er frå Carambatack Design, og strikketøymappene er frå Vanella.

Fleire glimt frå «bruktkåken» min kjem seinare!

Skål(er)!

Posted on

Eg hadde ingen visjonar om å finne noko brukande (til overkommeleg pris!) på Birkelunden, men der tok eg grundig feil. Fine dessertskåler har stått på mi «må ha»-liste i ei evighet. Og kva trur de eg fann?

Der stod dei. Tre skåler til ein 50-lapp. Billeg kvardagslykke! No gjenstår det berre å sjå om det dukkar opp fleire skåler av same sorten ved ei seinare anledning – kan jo ikkje ha berre tre.

Byttefest

Å ta seg ei langhelg ein gang i ny og ne – og reise vekk ein tur, er berre kjekt. Eg gjorde det no i helga og tok turen til Bergen for å treffe vener og kjente. Ei flott helg på alle måtar. I tillegg fekk eg med meg ein ganske artig happening som eg tidlegare aldri har vore med på. Nemleg byttefest!

Konseptet er like enkelt som det er genialt. Alle tek med seg noko dei vil bytte (av god kvalitet – altså ikkje utvaska singlettar og denslags) og det samlast i ein stor haug. Om du berre har ein ting å bytte vekk, eller opptil fleire posar med byttegjenstandar – spelar inga rolle. Alt samlast i ein haug, og ein utvalgt person tek opp eitt og eitt plagg/gjenstand. Den som vil ha det rekk opp handa. Vil fleire ha det same vert det avgjort kven som vert ny eigar ved hjelp av stein-saks-papir.

Haugen vår vart endå større enn på biletet, og over halvparten av innhaldet fekk ny eigar! Resten vart omhyggeleg pakka ned i posar og levert til Fretex. Intet gjekk til spille og alle vart fornøgde.

Eg var tilreisande, så hadde ikkje med meg meir enn ein pose. Når kvelden var over hadde eg med meg sørover omlag like mykje som eg hadde tatt med i utgangspunktet. Masse gammalt ut, mykje nytt inn! Vinn-vinn ;)

I tillegg til nokre flotte basisplagg, ei ny snasen bukse og ny haustjakke, fekk eg med meg denne flotte medaljongen. Plass til å ha bilete i òg.

Ein byttefest er utan tvil noko av det artigaste ein kan arrangere i gjenbruken sitt namn. Sosialt, moro, miljøvenleg og økonomisk. Og det har ikkje stort å seie om ein har ulike kle- og skostorleikar. Inviter nok folk så dukkar det alltid opp nokon som kan bruke det som vert lagt fram. Med mindre dykk har det som meg på skofronten, og berre treff på folk med bittesmå føter… ;)

Eg har store planer om å få til ein byttefest her i Kr.sand, så bur du her sør og er interessert – gje eit pip!

Peonar og fillerye

Posted on

No i ein stressande eksamensperiode er det lett å gløyme både blogging og omgjevnadane rundt seg. Sistnemnde gjorde mamma noko med når ho kom på besøk her – ho kjøpte meg ein bukett med lyserosa peonar. Nydelege blomane! Berre ein har kome ut av «skalet» sitt så langt, så eg har enno tre lodne utsprungne blomar å sjå fram til.

Ein annan ting mamma hadde med seg for å sprite opp hus og heim, var ei fillerye i flotte fargar til kjøkkengolvet.

Denne er laga i ekte gjenbruksand, heimelaga av farmor. Ho samla saman masse gamle klede, tøystykke og stoffbitar – klipte dei opp og laga filleryer av dei. Ho har gitt vekk til alle i slekta, og enno ligg der fleirfoldige ferdiglaga ryer igjen i vevstova på låven hennar.

Tenk, her er det gamle klede som farmor og oldemor gjekk i. Klede som pappa, tante og onklar hadde på seg opp igjennom tida. Kjolar, skjørt og mislykka syprosjekt etter grandtantene mine. Sengeteppet til oldemor. Gardiner frå gamlehuset pappa budde i som liten. Kanskje nokre bukser etter bestefar – som eg forøvrig aldri fekk treffe. Så mykje historie i eit einaste teppe. Det vert mest som klenodium å rekne.