RSS Feed

Tag Archives: kos

Isrosa

Laurdag er min fråtsedag i veka, og denne laurdagen som var vart det ekstra mykje fråtsing. Det var Bondens Marked her i Bergen, og bodene bugna over av godsaker ein kunne smake på. I tillegg til ein gedigen skulebolle med eggekrem og syltetøy, og svele med rabarbrasyltetøy, fekk eg skvisa nedpå eit stort beger med økologisk bjørnebæris frå Isrosa. Min tidlegare favoritt frå Isrosa har vore vanilje med sjokobitar, men den må diverre sjå seg slått no.

I tillegg til å stille opp må Bondens Marked, har Isrosa eigen nettbutikk (!) for dei som held til i Kvinnherad, og distribuerer isen sin til ulike butikkar rundt om i landet. Gå inn på sidene deira for å sjå om dei sel is i nærleiken av deg. Iskremluksus :)

Besøksvenn

Posted on

Er du kosesjuk, ute etter å få godt samvit eller er du berre i dårleg humør? Ta deg ein tur til nærmaste kattehus i regi av Dyrebeskyttelsen. Dei har store og små pelsballar som manglar ein heim og eit fang. Flott om du kan adoptere ein og ta med heim. Om du ikkje kan det så er det i alle fall mange kattar som set stor pris å få ligge i fanget og berre kose/sove/leike/bite/bølle! Heimlause pusar har gjerne ikkje fått stort med merksemd i sitt meir eller mindre korte liv, og veit å setje pris på denslags.

Hos meg er det fullt, med mine to katteskinn – men hadde eg hatt eit større hus…

Eit besøk hos kattane har godt-humør-garanti!

Dei aller fleste store byane har eitt eller fleire slike «kattehus» – det er berre å kontakte dyrevernsorganisasjonane og forhøyre seg. Her finn du oversikt over ansvarlege for lokalavdelingane til Dyrebeskyttelsen rundt om i landet.

Bondens Marked

Posted on

Frigjeringsdag, flott vèr og spasertur til sentrum! Der kom eg over Bondens Marked på torget. Dette markedet har eg brukt å stikke innom dei dagane dei set opp bodene sine, og eg finn alltid noko snadder. Dessutan er dette mat med godt samvit – kortreist og økologisk!

Eg var først innom boda til min faste honningforhandler – Løvjomås Bigård. Der kjøpte eg flytande blomsterhonning og ei aldeles nydeleg og luftig honningkake. Den vert ikkje liggande lenge. Honningkake skal visstnok vere enkelt å lage sjølv, så det varer vel ikkje lenge før eg sjølv må hive meg i bakinga.

Deretter kjøpte eg økologiske egg. Billegare enn i butikken, og egga var STORE. Kartongen lovar at dei er «verpet av glade høner i hyggelige omgivelser«, og inne i lokket står historia til garden trykt!

Gler meg til varm melk med honning og omelettfrukost i morgon!

Nøttegodt

Posted on

Når godtesuget vert for sterkt om kvelden, eller magen rumlar litt før leggetid – så tyr eg til ein neve med mi eiga nøtteblanding. Hasselnøtter, usalta peanøtter, mandlar og rosiner. Nam!

Alt utanom peanøttene er kjøpt økologisk på ein Ultra-butikk. Rosinene er Urtekram sine, og smakar verkeleg søtt og godt.

6’er på terningen :)

Underbar fredag

Posted on

Biletet ovanfor skildrar godt korleis min fredag artar seg i dag. Sol og vårvarme, masse godt drikke i koppen og bloggsvensken Underbara Clara sitt første bloggmagasin (dersom ein ser vekk i frå julenummeret…). Mange spennande tips, triks og oppskrifter. Og sjølvsagt fantastisk flotte og fargerike bilete!

I tillegg så har sambuaren bursdag og skal gjerast stas på med god middag og kanelbollar når han kjem heim frå jobb i kveld.

Har du ein fin fredag?