RSS-kjelde

Tag Archives: kreativt

Pepsipute

Posted on

Når eg besøker farmor søv eg på gamlerommet til yngste onkelen min. Og det er tydeleg at kreativiteten i familien vår ikkje avgrensar seg til kvinnfolka. I stolen ved senga ligg ei pute med Pepsi-logo sydd med korssting – signert nettopp onkel.

Liknar ikkje det minste på det trådsammensuriumet eg laga i handarbeidstimane på ungdomskulen. Stileg, sant? ;)

Advertisements

Origami

Posted on

Få ting her i verda er så fascinerande som kunsten å brette origami. Kven skulle tru at det gjekk an å lage så vanvittig mykje fint av papir? Eit kjapt biletesøk på internett på «origami» opnar ei heilt ny verd av bretta papirark.

Min umiddelbare favoritt er papirversjonen av Yoda!

Rykta skal ha det til at origami kjem til å kome «på moten» til hausten og utover i 2011 – ein trend eg slett ikkje har noko i mot. Ei som har vore framtenkt på den fronten er Allis, som har for salg mange fine origami-anheng og andre kunstverk i Epla-butikken sin, Eventyrland.

Kva med eit lekkert origamihjerte til antrekket i haust?

Fotokjelde – trykk på bileta. Anheng-biletet er tjuvlånt ;) Håpar det går greit!

Peonar og fillerye

Posted on

No i ein stressande eksamensperiode er det lett å gløyme både blogging og omgjevnadane rundt seg. Sistnemnde gjorde mamma noko med når ho kom på besøk her – ho kjøpte meg ein bukett med lyserosa peonar. Nydelege blomane! Berre ein har kome ut av «skalet» sitt så langt, så eg har enno tre lodne utsprungne blomar å sjå fram til.

Ein annan ting mamma hadde med seg for å sprite opp hus og heim, var ei fillerye i flotte fargar til kjøkkengolvet.

Denne er laga i ekte gjenbruksand, heimelaga av farmor. Ho samla saman masse gamle klede, tøystykke og stoffbitar – klipte dei opp og laga filleryer av dei. Ho har gitt vekk til alle i slekta, og enno ligg der fleirfoldige ferdiglaga ryer igjen i vevstova på låven hennar.

Tenk, her er det gamle klede som farmor og oldemor gjekk i. Klede som pappa, tante og onklar hadde på seg opp igjennom tida. Kjolar, skjørt og mislykka syprosjekt etter grandtantene mine. Sengeteppet til oldemor. Gardiner frå gamlehuset pappa budde i som liten. Kanskje nokre bukser etter bestefar – som eg forøvrig aldri fekk treffe. Så mykje historie i eit einaste teppe. Det vert mest som klenodium å rekne.

Eplakjøp #1

Posted on

Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg er stor fan av den norske utgåva av Etsy – nemlig Epla.no. Diggar at det har kome ein slik nettstad der hobbyhandverkarar kan få selge det dei lagar. Og det er overhodet ikkje noko å utsetje på kvaliteten! Eg har heile 21 favorittbutikkar på lista, og er dagleg innom for å sjå etter nye elskverdige funn. Har funne mange godbitar til no, og deler dei gladeleg her – litt og litt. Her er eit par av mine nylege Epla-kjøp.

Aldeles nydelege gyngehestøredobbar, kjøpt hos Eventyrland. Dei låg lenge i ønskelista mi, men eg fann til slutt ut at eg berre måtte ha dei. Fine!

Allis, som står bak butikken Eventyrland, lagar dessuten superskjønne origamifuglar, både som pynt og som nøkkelringar.

Dette fantastiske trykket kjøpte eg i eplabutikken til Carambatack Design. Butikkeigar Annette lagar fantastiske bilete, som ho trykkjer opp i eit begrensa antal. Alle trykka er nydelege, men det var dette eg falt pladask for og som har fått æresplassen på stoveveggen.
I tillegg til trykk finst der både originalteikningar, postkort og magnetar i butikken.

Dette flotte armbandet kjøpte eg hos Pink Foxes. Butikkeigaren er er ei kreativ jente som sel mykje variert i butikken sin. Dette armbandet var herlig fresht og eg kunne ikkje la vere å kjøpe det.
Eg tok masse bilete, men fekk likevel ikkje fram den fine fargen – så sjå heller butikken sine eigen produktbilete her.

Har du høyrt om Epla? Og om du har – har du handla mykje der? ;)

Skryteinnlegg

Posted on

Ferdig med nok eit strikkeprosjekt! Eg har funne ut at babytøy er tingen å strikke. Kjapt og akkurat passe avansert :P Og når eg har ei gravid venninne å strikke til, så passar det utmerket! Slik vart babyvottane eg laga.

Her ser dei veldig kvite ut. Dei er ikkje kvite – dei er naturkvite. Beklager skittent fotounderlag.

Her viser fargen mykje betre. Likar veldig godt at den eine feilmaska eg hadde ikkje viser. Ein kan likevel sjå litt skjønnhetsfeil her og der, spesielt på borden på den nederste votten.

Fletta ei snor på omtrenlig 70 cm (gløymde å måle) som eg monterte på til slutt. No gjenstår det berre å presse dei, og pakke dei i fint silkepapir – og så vente på at babyen skal kome til verda…

Hva tycks? :D

Finito

Posted on

Ferdiiiig. Skal ha dei på meg i heile sommar :P