RSS-kjelde

Tag Archives: miljøvenleg

Fairtrade til pynt

Eg feirer helga med ein bukett Fairtrade-merka kvite roser (med omtanke). Fine, ikkje sant?

Norgesglasa funkar flott som vase.

I kveld skal eg på byttefest igjen. Forhåpentlegvis kjem eg heim med ein fin skatt eller tre!

God helg!

Advertisements

Loppefunn

Sjølv om det søde sørland ser ut til å ha kronisk mangel på loppemarknader, klarte eg faktisk å finne fram til to stykker i dag. Eit skulekorps-loppemarked, og eit loppemarked/kaféarrangement til inntekt for etablering av eit bydelshus i «min» del av Kristiansand. Huset er eigentleg ikkje eit hus, men ei stor nedlagt mølle! Veldig gammal og veldig spesielt. Ikkje innlagt vatn ein gang.

(bilete lånt her)

Eg fann null/niks/nada på den første loppisen (eg var inne i kanskje 10 minutt før eg gjekk heim…), men etter ein tur heim for å få litt lunsj bar det opp på vårt soon-to-be bydelshus. Der vart det fangst.

Det første eg kapra meg var desse gamle trekassene. Dei stod stabla akkurat som dette, og i hodet mitt sa det «bokhylle!» med ein gang eg såg dei – sikkert inspirert av Signe Schineller si tøffe hylleløysing. No har eg riktignok ikkje plass til desse i stova, så dei vart plasserte i kjellerrommet som oppbevaringshylle enn så lenge. Dei er heilt ubehandla, så fekk frykteleg lyst til å male dei anten kvite, eller i ein eller annan knæsj farge. Men inntil vidare får dei stå slik.

Fangst nummer to – eit KK frå året mamma vart fødd (det herrens år 1960)! Urkomisk å lese i. Eg interesserer meg vanlegvis ikkje for desse gamle bladene, men ei av overskriftene fanga interessa mi – så eg raska det med meg til 5 kr ;)

Denne! Som fersk symaskineigar tenkte eg kanskje eg kunne plukke med meg nokre tips frå artikkelen, sjølv om den er 50 år gammal… Stod ein del smart i den! Dessverre er det tydelegvis ein følgjetong, og eg fant ingen andre blad der den heldt fram, så eg får klare meg med å lære å måle opp og klippe stoff enn så lenge.

Siste funnet var ei lita vintage veske frå tidleg 80-tal, med koseleg fór, «lakk-lokk» og lang reim. Eg har trengt ei lita festveske, og denne var perfekt.

Eg betalte rundt 150 kr for alt saman, og det var berre fordi eg la inn litt ekstra kronasj for å støtte etableringa av bydelshuset. Det er alt for lite som skjer utanfor sentrum, og eit bydelshus er eit kjemeflott tiltak. Så no må folk vise at dette er noko dei ynskjer velkomen! Dersom du bur i Kristiansand og ikkje har planer i kveld, så skal det vere konsertar og diverse der frå kl. 20.00 og utover.

Byttefest

Å ta seg ei langhelg ein gang i ny og ne – og reise vekk ein tur, er berre kjekt. Eg gjorde det no i helga og tok turen til Bergen for å treffe vener og kjente. Ei flott helg på alle måtar. I tillegg fekk eg med meg ein ganske artig happening som eg tidlegare aldri har vore med på. Nemleg byttefest!

Konseptet er like enkelt som det er genialt. Alle tek med seg noko dei vil bytte (av god kvalitet – altså ikkje utvaska singlettar og denslags) og det samlast i ein stor haug. Om du berre har ein ting å bytte vekk, eller opptil fleire posar med byttegjenstandar – spelar inga rolle. Alt samlast i ein haug, og ein utvalgt person tek opp eitt og eitt plagg/gjenstand. Den som vil ha det rekk opp handa. Vil fleire ha det same vert det avgjort kven som vert ny eigar ved hjelp av stein-saks-papir.

Haugen vår vart endå større enn på biletet, og over halvparten av innhaldet fekk ny eigar! Resten vart omhyggeleg pakka ned i posar og levert til Fretex. Intet gjekk til spille og alle vart fornøgde.

Eg var tilreisande, så hadde ikkje med meg meir enn ein pose. Når kvelden var over hadde eg med meg sørover omlag like mykje som eg hadde tatt med i utgangspunktet. Masse gammalt ut, mykje nytt inn! Vinn-vinn ;)

I tillegg til nokre flotte basisplagg, ei ny snasen bukse og ny haustjakke, fekk eg med meg denne flotte medaljongen. Plass til å ha bilete i òg.

Ein byttefest er utan tvil noko av det artigaste ein kan arrangere i gjenbruken sitt namn. Sosialt, moro, miljøvenleg og økonomisk. Og det har ikkje stort å seie om ein har ulike kle- og skostorleikar. Inviter nok folk så dukkar det alltid opp nokon som kan bruke det som vert lagt fram. Med mindre dykk har det som meg på skofronten, og berre treff på folk med bittesmå føter… ;)

Eg har store planer om å få til ein byttefest her i Kr.sand, så bur du her sør og er interessert – gje eit pip!

Første produkttest

Posted on

Sånn til å byrje med: desse produkttestane kjem ikkje til å bli dominerande i bloggen – eg lovar. Men eg synest det er kjekt å dele av mine erfaringar når eg testar noko nytt. Spesielt gjeld dette no etter at eg tok avgjersla om å prøve å velge så mykje økologisk, miljøvenleg og parabenfritt som mogleg innanfor mat&drikke, eigenpleie og husstell.

Eg er ingen fanatisk miljøvernar som prøvar å prakke på folk ein økologisk og miljøvenleg livsstil – folk har ein tendens til å gjere som dei vil likevel. Men eg er av oppfatninga at dersom ein får tak i eit «grønt» produkt som er ei fullgod erstatning for eit produkt ein brukar i kvardagen, så ser eg ingen grunn til ikkje å byte det ut – og fortelje andre om det!

Her er det ikkje snakk om sponsing – alt er kjøpt med pengar frå eige slunkent studentbudsjett. Det kjem til å vere ærleg omtale, så er produktet bra så skriv eg det. Er det noko drit, så skriv eg det òg. Rett skal vere rett.

Først ut i denne «følgjetongen» er Urtekram Camomile Conditioner – balsam med kamomille for blondt hår

Denne balsamen er laga utelukkande på naturlege ingrediensar, utan konserveringsmidler, parabener og petrokjemiske stoff. Den er heller ikkje testa på dyr, og er økologisk sertifisert av Ecocert. Den reklamerer med å skulle gjere håret mjukt og godt, og tilføre ekstra fuktigheit.

Etter å ha brukt omtrent halve flaska, kjenner eg at eg med sikkerhet kan seie at dette er ein god kvardagsbalsam, og er eit must dersom du dusjar kvar dag. Den luktar som lova veldig lite. Håret mitt vert ikkje tungt og flatt slik det av og til blir av andre og tjukkare typar balsam. Og den gjer sikkert noko godt for mine blonde lokkar, men sånt har eg ikkje bite meg merke i ;)

Balsamen kan diverre ikkje anbefalast til dei med veldig tørt hår, for den «forsvinn» inn i håret veldig raskt og manglar den konsistensen ein balsam med større fuktgjevande eigenskapar har. Håret kjennest ikkje «balsamert» ut når ein har brukt denne. Den er med andre ord for «normalt hår», som det står på butikkkjøpt balsam. Produktet er diverre heller ikkje utprega drøyt i bruk, du må bruke ein god klatt kvar gong.

Så – brukar du ein god hårkur med jamne mellomrom, og ikkje slit med utprega tørt eller slitt hår, så er denne balsamen absolutt verdt eit forsøk. Det finst òg tilhøyrande shampo. Begge deler kan du få kjøpt på til dømes Et grønnere hjem, eller i ein helsekost som fører produkta.