RSS Feed

Tag Archives: varme

Hald varmen

Posted on

Kjelde: Pinterest

Januar går mot slutten, men det er framleis vinter i ein månad til dessverre. Den akk så tunge vinterperioden kan likevel gjerast litt lettare og meir overkomeleg med gode, varme og freshe vinterplagg. Aller helst denne fantastiske kåpa.

Og innunder kåpa må ein ha ein dugande strikkagenser, i tjukt garn med flettestrikk. Kjærleik!

Kjelde: Pinterest

Hausten er her

Posted on

I dag er ein sånn dag der det aldri vert skikkeleg lyst. Regnskyene ligg heilt ned i hustaka, og det er ordentlig surt og kaldt ute. Beste medisinen er – sofa, pledd, varm te med valfri smak (lakris!) og masse tende lys. Då vert det med eitt veldig koseleg at hausten har kome. God søndag!

(te-lyshaldaren over er laga av Sting og Ting-Ida :))